Lynrask havkjempe

Seglfisken er ein racer under vatn. Han kan symje i 110 kilometer i timen, viser nye videoopptak frå Københavns universitet. Så lynrask fart har forskarar aldri sett før hos ein fisk.

seglfisk (Hovedtekstbilde)Ein vaksen seglfisk kan vere 3 meter lang og vege 90 kilo.
Foto: Picturepoint.no
Seglfisk består av to fiskeartar. Dei trivst best i dei varme verdshava ved Mexico-kysten. Fartskjempa er blågrå i fargen, og har ein ryggfinne som liknar eit segl. Fisken har ein langstrekt snute, og kan bli like lang som deg i det første leveåret sitt.

Lever av sardinar

Forskarar frå mange land har studert seglfisken med undervasskamera. Video-opptaka viste at seglfisken bruker den lange snuten sin til å fange andre raske fiskar, blant anna sardinar. Studiane avslørte også at fisken livnærer seg ved å bevege dei snuteliknande kjevane sine inn blant sardinane. Deretter svingar han hovudet for å treffe så mange sardinar som mogleg.

Reiser ryggen

Fisken brettar som regel ryggen ned til sida når han sym, men kan reise ryggen som eit segl når han føler seg trua. Dermed er han klar for kamp viss det er fare på ferde. 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-14  

Lesekroken

Til denne artikkelen finnes det leseoppgaver. Gå til nysgjerrigper.no/lesekroken for å laste dem ned.