Luftputeballongar

Dette eksperimentet passar godt når de er fleire samla. Kanskje ein ide til neste klassefest, bursdagsfeiring eller familieselskap?

To personer på et bord som holdes oppe av ballonger

Du treng ei stor plate av tre eller isopor, eller eit vanleg bord snudd på hovudet. I tillegg treng du ballongar og forsøkspersonar som ikkje er redde for litt smell!

Slik gjer du:

1. Blås opp ti ballongar i same størrelse. Dei bør ikkje vere så oppblåste at dei lett sprekk.
2. Fordel ballongane så jamt som mogleg under plata eller bordet.
3. La den første forsøkspersonen krabbe forsiktig oppå, så ein til. Kor mange personar klarer ballongane å bere?
4. Kor mange ballongar klarer du å fjerne utan at det heile krasjar i eit stort ballongsmell?

Kva skjer?

Lufttrykket inni ballongane held dykk oppe, så same måte som bilar og syklar blir løfta frå bakken av lufttrykket i dekka.

Eksperimentplakat

Du kan laste ned ein plakat som viser korleis du skal gjere. Last ned eksperimentplakaten i A4-format (pdf-fil), eller A3-format (pdf-fil).