Blomeglad mammut

Danske forskarar har undersøkt bæsj frå mammut og funne ut at mykje av kosten bestod av små blomar. Då blomane forsvann, døydde mammuten ut.

mammut på gress med skydekket himmel i bakgrunnen

Mammuten var glad i å ete blomar. Det store pattedyret døydde ut etter siste istid. (ILL.: PICTUREPOINT.NO)

Mammuten elska blomar, har danske forskarar funne ut. Dei har undersøkt frosen jord og mammutbæsj frå Alaska og Sibir. Dei fann ut at på mammuten si tid var tundraen dekt av eit teppe av små blomar som minte om løvetann eller smørblom. Mammutbæsjen viste at ein stor del av kosthaldet til mammuten bestod av slike blomeplantar, og ikkje av gras, slik ein trudde tidlegare. Blomeplantane var energirike og inneheldt mykje protein, som er ein viktig type næringsstoff. Dei danske forskarane trur at mammuten faktisk trong blomane for å overleve, for då blomane forsvann mot slutten av siste istid, døydde mammuten ut.

Blomane forsvann

Mammuten og dei fleste av dei andre store pattedyra frå siste istid døydde ut omtrent samtidig, og mange meiner at det var steinaldermennesket som utrydda dei ved jakt. Mange forskarar trur derimot at den viktigaste årsaka til at dei store pattedyra forsvann, var klimaendringane ved slutten av siste istid – klimaendringane som mellom anna førte til at blomane forsvann.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-14