Utspekulerte krokodillar

Ser du ein krokodille som samlar kvistar og strå, kan det bety at det nærmar seg middagstid. Legg han samlinga oppå hovudet, er det berre å ta beina fatt.

Krokodille i vannflaten (Ingressbilde) Krokodillar lokkar fuglar med kvistar og strå. Foto: Picturepoint.no

Dyr bruker reiskapar til ulike formål. Vi tenkjer vanlegvis at det er dei mest intelligente dyra som bruker reiskapar - for eksempel sjimpansar som "fiskar" etter termittar med pinnar, eller som byggjer seg ei seng av blad.

Stor hjerne

Forskarar har oppdaga at enkelte krokodillar også bruker reiskapar til å skaffe seg mat. Krokodillar er faktisk nokså glupe. Dei har stor hjerne og greier å lære seg vanane til byttedyr som held til i nærleiken. Vidare knyter dei sosiale band ved å leike saman, og dei kan til og med adoptere foreldrelause små.

Kvistar på hovudet

No viser det seg at dei kan skaffe seg eit måltid ved hjelp av reiskapar, nemleg kvistar. Krokodillane samlar kvistar og strå som dei legg oppå hovudet og snuten. Vassfuglar i nærleiken trur at det er reirmateriale som ligg og flyt på ein stokk i vassflata, og kjem for å samle det til reiret sitt. Så spring "stokken" opp og snappar til seg byttet! Denne åtferda har dei berre i hekketida til fuglane. Forskarane trur at krokodillane faktisk hamstrar desse ettertrakta kvistane som verkar så lokkande på fuglane.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-14.