Trommar før utbrot

Amerikanske forskarar har funne ut at nokre vulkanar lagar ein spesiell lyd før eit utbrot.

Vulkan med utbrudd (Ingressbilde) Magma er glovarm, flytande stein. Magmaen blir til djupt nede i jorda. Under eit vulkanutbrot strøymer magmaen opp gjennom jordskorpa. Når han fløymer ut av vulkanen og flyt utover jordoverflata, blir han kalla lava. Foto: Shutterstock

Dersom du hadde lege oppå vulkanen med øyret mot bakken, ville du høyrt ei slags djup brumming. Men det ville ikkje vera særleg lurt. Like etter at ein kan høyra lyden, kjem det nemleg eit vulkanutbrot. Derfor har forskarane brukt seismometer for å ta opp lyden. Eit seismometer er ein slags mikrofon som fangar opp risting i bakken.

Små jordskjelv

Forskarane trur lydane blir til når magma blir pressa gjennom ein trong kanal inne i vulkanen. Den klissete magmaen (glovarm, flytande stein) festar seg til veggene i kanalen. Når trykket inne i vulkanen blir høgt nok, blir magmaen riven laus og pressa høgare opp. Der blir han sitjande fast igjen, til trykket blir endå høgare. Kvar gong magmaen losnar, skjer det eit lite jordskjelv. Etter kvart kjem jordskjelva raskare og raskare. Det høyrest nesten ut som om nokon slår på ei tromme. Til slutt kjem skjelva så tett at dei lagar ein samanhengande durelyd. Så stoppar lyden brått. Då er trykket blitt så høgt at magmaen ikkje rekk å festa seg i det heile, og eit utbrot er like rundt hjørnet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-14.