Kometkameratane landar snart

I 2004 la romsonden Rosetta ut på ei lang reise. I år nådde Rosetta endeleg målet for ferda: ein komet med det lange og kronglete namnet 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko.

Vel framme går no Rosetta i bane rundt kometen. Han skal òg senda ned robotlandingsfartøyet Philae. Dette blir første gong eit romfartøy landar på ein komet. Rosetta og Philae skal undersøkja kometen grundig. Philae skal blant anna bora i kometen for å finna ut kva han er laga av. Etter planen landar han no i november.

Romsonden Rosetta og robotlandingsfartøyet Philae

Romsonden Rosetta og robotlandingsfartøyet Philae går no i bane rundt kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko.  Illustrasjonen er ikkje i riktig størrelsesforhold; Rosetta har eit "vengespenn" av solcellepanel på 32 meter. Kometen er 4 kilometer brei. ILL.: ESA/C. CARREAU/ATG MEDIALAB

Eldst i solsystemet

Komet

Kometar er digre klumpar av is og støv som går i bane rundt sola eller ei anna stjerne. Ein komet har ein hard kjerne av is, stein og støv, og ein lang hale av støv og gass. Solstrålane gjer at halen alltid peikar bort frå sola.

Sjølv om dei to kometkameratane Rosetta og Philae er langt frå jorda, kan dei finna ut mykje nyttig om planeten vi bur på. Kometar er noko av det eldste som finst i solsystemet vårt. Og dei har forandra seg veldig lite sidan starten. Ved å finna ut meir om kometar kan forskarane læra meir om korleis solsystemet vårt vart til. Og om korleis jorda vart slik ho er i dag. Forskarane trur nemleg at mykje av vatnet på jorda kan ha kome hit med kometar som kræsjlanda her for milliardar av år sidan. Utan kometane er det ikkje sikkert det hadde vore liv på jorda i det heile!

Forskere feirer i kontrollrommet

Forskarane hadde sett Rosetta i dvale i to og eit halvt år for å spara på straumen. Jubelen stod i taket i kontrollrommet i Tyskland då Rosetta var tilbake i drift og sende meldinga "Hallo verda!" i vinter. FOTO: ESA/J. MAI

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-14.