Døde den egyptiske prinsessen av hjerteinfarkt?

Den egyptiske prinsessa Ahmose Meryet Amon levde i byen Teben i tida rundt 1550 f.Kr. Forskarar har no granska henne og 51 andre mumiar frå Egypt i oldtida, og ho er det tidlegaste mennesket vi veit om som truleg har døydd av hjarteinfarkt. Prinsessa har fått diagnosen – meir enn 3500 år etter at ho døydde!

Levde sunt

På den tida prinsessa levde, hadde folk eit veldig sunt kosthald. Dei åt frukt og grønsaker, brød og litt magert kjøtt, og drakk øl. Dette er nettopp eit slikt kosthald som legane anbefaler for at vi skal unngå hjarte- og karsjukdommar. Men 20 av mumiane hadde likevel forkalking i blodårene.

Egyptisk prinsesse spiser kjøtt (illustrasjon)Den egyptiske prinsessa Ahmose Meryet Amon levde godt og spiste luksusmat.
Foto: /ill.: Melkeveien designkontor
 

Usunt med salt

Forskarane trur at det kan vere andre årsaker til dette. Det var vanleg at folk hadde forskjellige parasittar i kroppen, og parasittangrep fører ofte til betennelsar som kan gjere kroppen meir sårbar for forkalking i årene. Dessutan salta ein mat for å bevare han, og mykje salt i maten er usunt for hjartet.

Levde for godt?

Når det gjeld prinsessa vår, kan det rett og slett hende at ho levde for godt - som kongeleg kunne ho meske seg med luksusmat som kjøtt, ost og smør. Det kan ha vore det gode livet som tok livet av henne til slutt.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-14.