Korleis verkar narkose?

Tenk deg at du har kjempevondt i magen, og legane seier det er blindtarmen som er problemet. No må han ut av kroppen din. Til det trengst bedøving som set hjernen og kroppen din ut av spel, slik at du ikkje kjenner noko som helst. Denne bedøvinga kallar vi narkose, og vi har studert korleis han verkar.

Gutt med pustemaske på sykehus (Ingressbilde) Skal du operere, treng du ofte bedøving, eller narkose som vi også kallar det. Foto: Shutterstock

Ulf Mostad er barne-anestesilege og har nettopp narkose, eller bedøvelse, som hovudjobb. Han forklarer kva som skjer med oss når vi får narkose.

1. Legane reknar ut kor mykje narkose du treng

Aller først må legane vite akkurat kor mykje bedøving, eller narkose, du treng. Dei må vere heilt sikre på at du søv godt og ikkje kjenner noko som helst under operasjonen. Dette reknar dei ut gjennom å sjå på kor mykje du veg, og kor gammal du er. Faktisk er det sånn at barn treng meir bedøving enn vaksne. Sjølve narkosestoffet er anten flytande medisin eller gass. Som regel bruker legane begge delar.

Narkosemaske (Hovedtekstbilde)Gjennom ei slik maske får ein narkosegass inn i nase og munn.
Foto: Shutterstock

2. Bedøvinga startar 

Når legane har rekna ut kor mykje narkose du treng, set dei i gang med jobben. Det skjer på to måtar: Først får du ei lita nål inn i ei blodåre i handa. Denne er kopla til ein liten slange med flytande narkosestoff som går rett inn i blodet. I tillegg får du ei maske over nase og munn. Gjennom denne får du oksygen og ein narkosegass som gjer at du sovnar endå djupare. Dette er viktig for at du ikkje skal kjenne noko under operasjonen, men også fordi det gjer at du ligg heilt i ro. Det gjer jobben enklare for legane som skal inn for å operere bort blindtarmen din.

Illustrasjon av blodcelle med trillebår (Hovedtekstbilde)Blodet fraktar bedøvinga rundt i kroppen.
Foto: /ill.: Melkeveien designkontor

3. Narkosestoffet blir frakta rundt i kroppen 

Samtidig overvaker legane kroppen din nøye. Dei ser at hjartet slår normalt, og at pusten din går som han skal, blant anna. No held dei små kjemiske stoffa fram på reisa si frå nasen din og inn i lungene dine. Når dei kjem dit, blir dei tekne opp av dei bitte små lungeblærene. Desse blærene tek vanlegvis opp oksygenet vi pustar, og sender det til blodet. No er det narkosestoffet som blir sendt inn i blodet, og blodet som fraktar bedøvinga rundt i kroppen.

4. Stoffet kjem fram til hjernen og gjer kroppen heilt roleg

Til slutt endar narkosestoffet i hjernen din, ved hjelp av blodet. Og det er her det "magiske" skjer: Hjernen din er som ein datamaskin der dei ulike cellene snakkar saman ved hjelp av ørsmå elektriske signal. Desse fungerer som "leidningar" mellom cellene. Når gassen kjem fram til sjølve hjernecellene, påverkar han det som heiter cellemembranen: den tynne hinna som er veggen i cella. Som ved eit trylleslag slår narkosegassen av desse elektriske impulsane. Det er slik kroppen blir heilt roleg. Du kjenner ingenting - som om du er i din aller djupaste søvn. Illustrasjon av gutt med nattlue i sengen (Hovedtekstbilde)Etter narkosen, vaknar du av deg sjølv. Men legane må passa nøye på.
Foto: /ill.: Melkeveien designkontor

5. Operasjon og oppvakning

No kan legane operere og rette på det som er feil inne i kroppen din. Når dei er ferdige, er det tid for å ta deg ut av narkosen. Det gjer dei ved gradvis å minke mengda med narkosegassen som du pustar inn. Inga motgift eller andre stoff er nødvendig: Du vaknar rett og slett av deg sjølv, mens du blir passa nøye på av både legar og sjukepleiarar.

Ein tannlege var først ute 

Akkurat kvifor narkose verkar som han gjer, har forskarane enno ikkje klart å finne ut. Men det dei veit, er korleis det verkar. Men éin ting vi alle kan vere glade for, er at den amerikanske tannlegen William Morton ein gong for over 150 år sidan begynte å eksperimentere med stoffet eter, som var den første narkosegassen i verda.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-14