Følehorn for venner og fiendar

Bier luktar seg fram til kven som er venner eller fiendar.

To bier (Ingressbilde) Bier bruker følehorna til å skilje mellom venner og fiendar, spesielt det høgre følehornet. Foto: Shutterstock.

Bier frå same kube er både sambuarar og arbeidskameratar. Men bier frå forskjellige kubar er fiendar. Når ei bie møter ei anna, må ho finne ut om det er ein venn eller ein fiende. Til det bruker ho luktesansen. Men biene luktar ikkje med nasen. Dei bruker følehorna, som er fulle av nerveceller.

Fjerna følehorn

Amerikanske forskarar ville finne ut om biene brukte høgre og venstre følehorn forskjellig. Derfor fjerna dei høgre følehorn på nokre bier. På andre fjerna dei det venstre. Forskarane fann fort ut at bier som mangla det høgre følehornet, sleit med å skilje mellom venn og fiende. Dei viste ofte fram brodden, og gjorde seg klare til å slåst mot bier frå sin eigen kube. Dei var også vennlegare mot bier frå andre kubar enn bier som mangla det venstre følehornet.

Ulike oppgåver

Forskarane har lenge visst at det høgre følehornet til biene har fleire nerveceller for lukt enn det venstre. No veit dei òg at biene bruker dei to følehorna til ulike oppgåver. Ifølgje forskarane kan dette vere med på å forklare kvifor mange dyr bruker høgre og venstre del av hjernen forskjellig - akkurat slik som vi menneske gjer.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-14

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen finst det leseoppgåver. Gå til Lesekroken for å laste ned undervisningsopplegget.