Iskald utrekning

Gjer dette eksperimentet for å undersøke kva som skjer når is smeltar.

Gutt holder litermål med isvann (Ingressbilde) Ill: Melkeveien

Du treng eit litermål i metall eller silikon til dette eksperimentet. Du treng også vatn og ein frysar.

Slik gjer du:

  1. Fyll 1/3 liter vatn i litermålet. Set det i frysaren over natta
  2. Ta litermålet ut av frysaren, snu det opp ned og hell varmt vatn over botnen slik at isklumpen dett ut.
  3. Fyll ein del vatn oppi målet og slepp isklumpen oppi.
  4. Etterfyll med vatn slik at det når øvste merke i målet. Noko av isen ligg høgare enn vassnivået.
  5. La isen smelte i romtemperatur. Kva trur du skjer?

Du kan laste ned ein plakat som viser korleis du skal gjere. Last ned eksperimentplakaten i A4-format (pdf-fil), eller A3-format (pdf-fil).

Kva skjer?

Vi kan bruke eksperimentet til å tenkje oss kva som skjer dersom all isen i Arktis smeltar.

Eksperimentet viser at havnivået ikkje kjem til å stige sjølv om havisen smeltar. Når vatn frys til is, utvidar det seg og tek meir plass enn flytande vatn. Når isen smeltar, held vatnet seg på same nivå som før.

Kvifor er det dumt at isen i Arktis smeltar?

I 2012 ble det målt mindre havis i Arktis enn nokon gong tidlegare. Det er langt frå problemfritt. Til dømes er fleire dyr avhengige av havisen for å overleve. Isbjørnane får mindre område å leve på. Sel, sjøfugl og bitte små organismar som lev i iskanten vil også få problem med å overleve.

Det er ikkje berre havisen som smeltar i Arktis. På land ligg det innlandsis og isbrear. Desse minkar litt for litt. Smeltevatnet frå isbreane renner ut i havet, og får havnivået til å auke. Kanskje du klarer å lage eit eksperiment som viser korleis det skjer?