Som alle andre

Korleis er det å vekse opp med ei syster eller ein bror som er funksjonshemma? Ei gruppe forskarar i Trondheim har snakka med fleire sysken for å finne ut dette.

Ida og Anja (Ingressbilde) Ida og Anja er systre og har eit nært forhold. Anja har Downs syndrom. Foto: PRIVAT

Er ein funksjonshemma, treng ein meir merksemd og pleie enn andre barn. Og som sysken til ein funksjonshemma føler ein kanskje at mor og far har mindre tid, og at ein er nøydd til å hjelpe til meir heime enn andre barn.

Forskarar ved NTNU Samfunnsforsking i Trondheim har intervjua og snakka med mange sysken til funksjonshemma om korleis dei har det. Forskarane vart glade då dei fann ut at desse barna ikkje opplever at dei har ein annleis eller vanskeleg oppvekst.

Vil hjelpe andre

Å vekse opp med ei syster eller ein bror som er funksjonshemma, kan verke rart og annleis for den som ikkje er van med det. Men om dette er noko ein er van med, er det jo det som blir opplevd som heilt normalt. Derfor fortel syskena i undersøkinga at dei opplever seg sjølv som heilt vanlege barn og ungdommar. Dei føler seg ikkje annleis i det heile.

Forskinga fortel vidare at det som skil desse syskena frå andre, er at dei er meir forståingsfulle overfor familien sin enn andre. Dei er meir vane med å ta omsyn til andre. Dei har òg oftare andre draumar om kva dei ønskjer å jobbe med når dei blir vaksne. Å jobbe med menneske er mykje viktigare for sysken til barn med funksjonsnedsetjingar enn for andre ungdommar.

Gir ros

– Eg er van med å gi ros og positive tilbakemeldingar til syster mi. Derfor er eg nok flinkare enn andre til å gi ros til andre menneske rundt meg også, fortel Ida.

Ida Haugen Bredesen (15) har vore med på forskingsprosjektet der ein har studert sysken til barn med nedsett funksjonsevne. Ho har vakse opp med storesystera Anja (18). Anja har Downs syndrom. Downs kjem av ein genfeil i cellene i kroppen.

Folk på rekke

Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Nært forhold

Ida opplever at ho har vakse opp i ein heilt vanleg familie. Storesystera har fått mykje pleie og merksemd, men Ida føler at ho har fått nok kjærleik og merksemd frå foreldra sine.  Det som har vore annleis, er at ho ikkje har kunna snakke med syster si på same måte som andre pratar med syskena sine. Men ho har aldri vore flau over at Anja er annleis. Og ho har heller aldri ønskt seg ei anna syster enn henne. Systrene har eit nært forhold, og dei gjer morosame ting saman. Men det har ikkje alltid vore morosamt. Ida har også triste minne frå oppveksten.

– Anja har ikkje hatt særleg mange venner som har kome og besøkt henne. Det synest eg har vore veldig leitt, sidan eg har hatt mykje besøk av venner. Dette er noko eg har hatt dårleg samvit for, fortel Ida. 

Men Ida fortel at det har vore kjekt for henne å vekse opp med ei syster som Anja.

– Forskjellen mellom meg og andre på min alder er at eg er blitt raskare vaksen. Eg er nok meir ansvarsfull enn andre på min alder, og hjelper gjerne menneske som har eit handicap, seier ho.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-13.