Løyndommen i slangetempelet

Arkeologar fann tre gravkammer då dei undersøkte det berømte Quetzalcoatl-tempelet i oldtidsbyen Teotihuacan i Mexico. No håper dei på å finne byens gamle herskarar inne i tempelet.

Slangetempelet Quetzalcoatl i Mexico (Ingressbilde) Arkeologar undersøkte tempelet med ein fjernstyrt robot. Foto: Shutterstock

For 2000 år sidan bygde indianarar i oldtidsbyen Teotihuacan eit kjempestort tempel. Den digre steinpyramiden vart bygd til ære for guden Quetzalcoatl – den fjørkledde slangen. I dag er Quetzalcoatl-tempelet eit av dei mest berømte byggverka i Mexico. Kanskje er det også eit av dei mest mystiske. Framleis veit forskarane lite om kven som bygde både byen og tempelet. Kanskje ligg svaret nedgrave djupt under pyramiden?

Tre gravkammer

For eit par år sidan undersøkte arkeologar tempelet med ein slags radar. Slik fann dei ein tunnel under tempelet. Dessverre var tunnelen så full av jord, stein og gjørme at det var uråd for arkeologane å undersøke han. Derfor sende dei inn ein fjernstyrt robot i staden. Forskarane håpa at roboten skulle finne eit gravkammer i enden av tunnelen. Han fann tre!

Søkjer svar

No vil arkeologane undersøkje dei tre gravkammera nærmare. Dei trur nemleg Teotihuacans herskarar kan vere gravlagde der nede. Om forskarane kan finne dei, kan dei kanskje lære meir om kven som bygde den imponerande oldtidsbyen.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-13.