Historikar fann 5000 jenter

Å vere historikar er å gå på jakt i den spennande fortida vår. Kariin Sundsback vart ganske overraska då ho fann 5000 ukjende norske jenter som levde i Nederland for 400 år sidan. Endå meir spennande vart det då ho fann ut korleis dei levde liva sine.

Vermeer-maleri fra Nederland på 1600-tallet (Ingressbilde) Slik kan det ha sett ut då dei norske kvinnene kom til Nederland på 1600-tallet. Dette biletet er av måleren Johannes Vermeer. Foto: Corbis/ NTB Scanpix

At nokre norske jenter reiste til byen Amsterdam i Nederland for fleire hundre år sidan, er ikkje så overraskande. Men at det var 5000 som gjorde det, kanskje så mange som 10 000, det visste ingen før Kariin fann det ut.

Kven var dei?

I ei nederlandsk bok Kariin las, stod det éi einaste setning om desse jentene. Den fortalde at fleire tusen norske jenter jobba som tenestejenter i Amsterdam på 1600-talet. Meir stod det ikkje.

Historikaren Kariin hadde aldri høyrt om desse jentene. Kven var dei? Kvifor drog dei til Amsterdam? Korleis gjekk det med dei?

Då Kariin begynte å leite, hadde ho kjempeflaks. I Nederland for 400 år sidan skreiv ein nemleg nøyaktig ned kva folk fortalde når dei vart avhøyrde av politiet. Bøkene der dette vart skrive ned, finst framleis i store arkiv i Amsterdam. Etter kvart forstod Kariin at mange av dei norske jentene hadde vore hos politiet for å bli avhøyrde.

Forsker Kariin Sundsback (Hovedtekstbilde)Kariin Sundsback forskar på historie.
Foto: /ill.: Melkeveien designkontor

Fattigdom

På 1600-talet var Noreg eit av dei fattigaste landa i Europa. Jentene som reiste frå Noreg, hadde heilt sikkert ein draum om at liva deira skulle bli betre når dei reiste ut. For dei aller fleste av dei gjekk det ikkje slik. Og i byen Amsterdam, som dei fleste av jentene kom til, heldt dei fram med å vere fattige.

Dei fleste jobba truleg som tenestejenter og hushjelper. Og mange vart altså arresterte av politiet for forskjellige brotsverk. Kariin fann 181 slike politiforhøyr av norske jenter og kvinner. Historikaren forstod at mange av dei norske jentene hadde vore valdelege. Meir valdelege enn det andre jenter og vaksne kvinner som levde som dei, hadde vore.

Historikarar som har studert Noreg på 1600-talet, veit at mange i Noreg skadde kvarandre den gongen. I Noreg vart fleire drepne i slåstkampar enn i andre land. Derfor er det kanskje ikkje så rart at også mange norske jenter som drog til andre land, var valdelege.

Drog frå Bergen

Gammelt kart over Amsterdam (Hovedtekstbilde)Dette kartet viser Amsterdam slik det såg ut for fleire hundre år sidan.Kariin fann ut at nesten alle dei norske jentene i Amsterdam kom frå Vestlandet og Sørlandet. Mange drog frå Bergen. Men Kariin reknar med at dei fleste jentene kom frå fattige kår utanfor byen. Ho fann ut at jentene som drog frå Bergen, oftast drog heilt åleine. Andre jenter og kvinner som drog frå Kristiansand, drog ofte saman med ein ektemann, foreldra sine, søsken, søskenbarn eller nokon andre frå same område.

Det kom mange nederlandske båtar til Bergen og Kristiansand på denne tida, og det var nok lett for bygdejenter som ikkje fann arbeid i byen, å hive seg med ein båt til Amsterdam.

Kariin trur at folk som budde i Bergen og på Vestlandet for 400 år sidan, kan ha hatt ganske lett for å forstå nederlandsk. Derfor var det kanskje lettare for jentene herifrå å dra åleine. Men dette veit ikkje historikaren sikkert.

Les også historien om danske Elsje som levde i Amsterdam på 1600-tallet, og som ble tegnet av Rembrandt etter at hun ble dømt til døden.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-13 .