Forskarar fann spor av gran og furu frå istida

Vi har lenge trudd at gran og furu er unge treslag i Noreg. Men no viser ny forsking at vi tok feil.

Vinterlige furutrær (Ingressbilde) Forskarar har funne spor av gran og furu som er over 19 000 år gamle. Foto: GV-PRESS

Vi trudde gran og furu først kom til Noreg etter sist istid, for cirka 10 000 år sidan. Men no har forskarar funne spor av dei på ei øy i Nord-Noreg der det var isfritt under siste istid. Og sporane er over 19 000 år gamle! Det betyr at trea anten har overvintra under istida, eller kom dit mens det var istid. Begge delar er ganske utruleg.

Frå Doggerland?

Men viss dei kom under istida, kvar kom dei frå? Kan dei ha kome frå Doggerland? Det er eit stort område mellom England og Noreg som stakk opp av havet under istida fordi isen var så tung og "vippa" det opp.

Doggerland var isfritt, og der kan kanskje trea ha vakse og spreidd seg til Noreg. Eller dei kan ha kome sørfrå, frå tre som spreidde seg nordover og sidan vart utrydda.

Forskarane er ikkje sikre enno, men det vi no veit, er at furu og gran har vore i landet mykje lenger enn det vi trudde før.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-13