Nye vinnarar i Nysgjerrignøtta

Kva for digitale verktøy trur du at du bruker om ti år? Nesten 150 barn svarte på spørsmålet og teikna si digitale framtid. Her kan du sjå teikningane og kven som vann.

Tegning digitale verktøy, mann med nettbrett og prosjektor (Ingressbilde) Teikna av Hans Kristian frå Bygland

Vi ville vite korleis de ser for dykk framtida. Difor var oppgåva i Nysgjerrignøtta 4–12 å teikne deg sjølv med dei digitale verktøya du trur du bruker om ti år. Vi fekk nesten 150 bidrag i konkurransen, og no har vi kåra tre vinnarteikningar. Vinnarane er:

  • Kari frå Tverlandet skole
  • Seth frå St. Sunniva skole
  • Hans Kristian frå Bygland

Du kan sjå alle teikningane på Flickr.

Tegning av mann med hologram-armbånd (Hovedtekstbilde)Teikna av Seth frå St. Sunniva skole

Kva er eit elektron?

Jo fleire elektroniske dingsar vi får, jo meir elektrisitet bruker vi. Elektrisk strøm oppstår når elektronar bevegar seg frå ein stad til ein annan. I oppgåve 2 lurte vi difor på: Kva er eit elektron?  Fleire barn sendte inn riktig løysing, som er: elektronar er små, negativt ladde partiklar som svirrar rundt atomkjernen.  Vi har plukka ut desse tre vinnarane:

  • Ellinor frå Florø barneskole
  • Lone Annie frå Salhus skole
  • Emil frå Nordby skole

Alle vinnarane får premiar i posten. 

Mobil framtid (tegning)

Teikna av Kari frå Tverlandet skole

Nye utfordringar

Nysgjerrignøtta 1-13 handlar om bakteriar og virus. Her finn du dei nye oppgåvene og informasjon om korleis du blir med i Nysgjerrignøtta. Vi skal kåre seks vinnarar av denne konkuransen også – kanskje blir du ein av dei?