Ein steinaldergut blir til

I over hundre år har me berre kjent han som eit skjelett. Ny teknologi gjer det no mogleg å sjå korleis den 15 år gamle steinalderguten eigentleg såg ut.

Skjelettet til steinaldergutt, Visteguten Skjelettet til Visteguten blei funne i 1907. Foto: Terje Tveit/ Arkeologisk museum i Stavanger

I 1907 fann arkeologar skjelettet til ein gut som levde i Stavanger-området for over 8000 år sidan. Skjelettet er eit av dei eldste som er funne i Noreg, frå ein tidleg periode av steinalderen. Arkeologane har funne ut at guten var 15 år gammal og berre 1 meter og 25 centimeter høg. Me veit òg at han levde saman med 10–15 andre menneske i eit område like ved Stavanger som heiter Viste. Derfor er han kalla Visteguten. Visteguten budde store delar av livet sitt i og rundt ei hole. Han livnærte seg på fisk, bær og vilt. Over hundre år etter at me fann skjelettet hans, veit me til og med korleis han såg ut mens han levde.

Identisk modell

Vistehola (Hovedtekstbilde)Guten forskarane har funne budde heile livet sitt i og rundt ei hole på Viste ved Stavanger. Det var for 8000 år sidan.
Foto: Terje Tveit/ Arkeologisk museum i Stavanger
Jenny Barber er student frå Skottland. Ho har laga ein modell av guten frå Stavanger, slik ho meiner han såg ut for over 8000 år sidan. Hadde familien hans sett modellen ho har laga av han, ville dei heilt sikkert kjent han igjen. Jenny har nemleg teke ei ganske uvanleg, men spennande utdanning: Ved å studera eit skjelett kan ho finna ut korleis eit menneske har sett ut. Hovudskallen til Visteguten har gitt svar på korleis nase, munn og augebryn ville ha sett ut på han. Vil du sjå steinalderguten ansikt til ansikt, kan du møta han på Arkeologisk museum i Stavanger.

Her kan du sjå korleis Visteguten vart gjenskapt.

Jenny Barber skanner hodeskallen til Vistegutten med laserkamera (Hovedtekstbilde)Jenny Barber skannar hovudskallen.
Foto: Terje Tveit/ Arkeologisk museum i Stavanger

Hovudskalle i 3D

Første steget på vegen til å gjenskapa steinalderguten var å skanna hovudskallen med eit laserkamera. Informasjonen la forskaren Jenny Barber inn i eit dataprogram. Slik kunne ho studera hovudet tredimensjonalt på dataskjermen. Med tredimensjonalt meiner me å gjenskapa det verkelege ved å få fram fleire dimensjoner – høgd, breidd og djupn. Det kan samanliknast med å sjå ein kinofilm gjennom 3D-briller. Ein føler nesten at ein er inne i filmen.

Lag på lag i leire

Etter å ha fått alle detaljane på plass i dataprogrammet har Jenny fått laga ein tredimensjonal modell av Visteguten i plast. Denne har ho brukt som utgangspunkt for å utforma musklar, hud og andre detaljar i leire (sjå biletet til venstre under). Då denne jobben var ferdig, kunne ho laga ei detaljert avstøyping av hovudet hans.

Tredimensjonale modellar av Visteguten

Foto: Terje Tveit/Arkeologisk museum i Stavanger

Har fått ansikt

Biletet til høgre er den ferdige avstøypinga av Visteguten. For å gi liv til han har Jenny fargelagt han. Fargane er slik ein trur ein mann frå Nord-Europa såg ut for 8000 år sidan. Det er ganske utruleg, ikkje sant? 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-13

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.