Leiarsjimpansar tek jobben som apepoliti

Når to vaksne menneske begynner å slåst, er det best å ringje politiet. Også apar kranglar og slåst. Men sjimpansar har ikkje noko politi. Eller har dei det?

Ape med politihatt (Ingressbilde) Apepoliti. Foto: Shutterstock /Ill.: Melkeveien designkontor

Ei gruppe forskarar har funne ut at leiarsjimpansane av og til tek jobben som politi. Dei stoppar slåstkampar, skil kamphanane og løyser konfliktar.

Grip inn i farlege kampar

Forskarane undersøkte sjimpanseflokkar i fleire dyrehagar. Dei fann ut at sjimpansane slåst og kranglar ganske mykje. Vanlegvis lét leiarane dei berre halde på. Men dei greip inn viss ein slåstkamp vart for farleg, eller om det var mykje uro i flokken. Nokre gonger heldt det at leiarapen nærma seg kamphanane. Andre gonger måtte to leiande sjimpansar samarbeide om å skilje slåstkjempene. Uansett klarte dei nesten alltid å stoppe kampen.

Leiarapane får sjølvsagt ikkje lønn for politiarbeidet. Men ved å stoppe dei verste og farlegaste konfliktane kan dei gjere flokken sin til eit tryggare og hyggelegare apesamfunn. Og det som er bra for flokken, er bra for sjimpansane. Iallfall for leiarane.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-13