Altfor mykje går i søpla

Kvart einaste år kastar vi nordmenn over 370 000 tonn mat som kunne ha vore eten. Det er så mykje mat at det er vanskeleg å førestille seg. Forskarar er sette på saka for å finne ut kven som kastar mest mat av oss.

Avfallssekk (Ingressbilde) Nordmenn kastar over 370 000 tonn mat kvart år. Foto: Shutterstock

Forskarane har funne ut at butikkar og matprodusentar kastar mykje, men at det faktisk er du og eg som kastar mest. Ole Jørgen Hanssen i Østfoldforskning forskar på matavfall. Vi har spurt han om kva som er grunnen til at vi kastar mat vi kunne ha ete, og kva kvar og ein av oss kan gjere for å løyse problemet.

Sjå, lukt og smak

- Ei viktig årsak til at vi kastar mykje mat, er at vara har gått ut på dato, fortel Ole Jørgen. Han synest dette er veldig dumt fordi mykje av denne maten ikkje treng vere dårleg. Tvert imot! Yoghurt, ost, røykt kjøtt og egg kan ein for eksempel som regel ete lenge etter datostempelet. Du kan heller sjå på maten, lukte og smake på han før du eventuelt kastar han, er rådet frå Ole Jørgen. Han har også tre andre gode råd til oss:

  1. Ta vare på matrestar.
  2. Forsyn deg heller to gonger med mindre porsjonar. 
  3. Gå igjennom kjøleskapet, planlegg kva de skal kjøpe i butikken, og skriv handleliste.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-13