Sunne bær

Norske molter er veldig sunne. Den raud-oransje fargen er eit teikn på at dei inneheld mykje sunne stoff. No prøver ein å lage fleire produkt frå moltene.

Multer Forskarar i Tromsø vil finne ut meir om dei sunne moltebæra og lage fleire produkt frå dei. Foto: Shutterstock

Molteplantar veks vilt på myrar i heile Noreg. Om hausten har dei modne, oransje bær som vi kan plukke og bruke til å lage syltetøy og moltekrem. Molter inneheld mykje vitamin C og andre sunne stoff. Det blir laga meir av dei sunne stoffa i bær som veks der det er kaldt, slik som her i landet.

I hudkremar

Bærforskarar meiner vi kan lage mange fleire produkt frå moltene, slik som vi gjer med til døme bringebær. Bringebæra kjem frå same plantefamilie som moltene. Bæra kan for eksempel brukast til jus eller som fargestoff, eller dei kan brukast i andre matvarer eller i hudkremar.

Men det er ikkje like lett å dyrke molter som bringebær. Ein måte å gjere det på er å setje fleire molteplantar ut på myrane slik at det blir meir og betre molter der.

Ansvar for ville bær

Forskarar i Tromsø har ansvar for å ta vare på ville bær i Noreg. Dei jobbar for å dyrke fram betre moltesortar. Dei prøver òg å forstå korleis arv og miljø påverkar størrelsen på bæra, kor mange bær det blir på plantane, og kor mykje sunne stoff det blir i dei. Dei har funne ut at moltene arvar raudfargen frå morplanta. Raudfarge er eit teikn på at dei inneheld mykje sunne stoff. Molter som er dyrka ved låge temperaturar, får meir raudfarge, derfor er dei ekstra sunne. Å ha fine, raude bær er dessutan ein fordel når ein skal selje dei.

Publisert i Nysgjerrigper 3-13