Rutinerte laksedamer

I lakseverda er det dei eldre, dryge laksedamene som er dei mest populære. Dei legg dei største og flottaste egga, og brukar kroppen til å skubbe vekk små, plagsame konkurrentar.

Laks, nærbilde (Ingressbilde) Dei mest aktive nordnorske laksedamene gjennomfører seks gyteturar. Foto: Picturepoint.no

Etter å ha vore i Nord-Atlanteren for å gjere seg feit vender laksedamene heim att til barndomselva for å leggje egg. I barndomselva veit dei at barna deira vil få ein fin oppvekst.

Proppfulle av egg

Proppfulle av egg og energi startar dei på den strabasiøse symjeturen oppover elva. Undervegs tek dei pausar for å arbeide. I laus grus grev dei djupe hol med halen og fyller dei med egg. I dei djupe, varme gropene kan dei befrukta egga liggje trygt og varmt gjennom vinteren. Klekkinga skjer nemleg om våren.

Stor trafikk

Lakseegg og yngel (Hovedtekstbilde)Lakseegg og yngel.
Foto: Samfoto.no/NTB Scanpix
Og dei store, rutinerte damene veit korleis holene skal gravast. Der det er stor trafikk av flotte laksehannar, riggar dei seg til. Ofte vil mange hoer leggje egga sine same stad. Då er det bra å vere stor og tung. Eit lite dult med baken, og konkurrentar må finne seg andre stader.

70 prosent av energien

Det tek på å symje mot straumen og trykkje ut store mengder egg. Laksar brukar rundt 70 prosent av energien sin på dette. Medan kanadiske og europeiske laksar seier takk for seg etter éi gyting, sym ofte norske laksar stolt vidare. Ut av elva og ut i det store havet. Ein ny oppfeitingsrunde i Nord-Atlanteren står for tur.

Nordnorske hardhausar

Forsker Elina Halttunen (Hovedtekstbilde)Elina Halttunen forskar på laks.
Foto: Marius Hansen
Det er spesielt i Nord-Noreg vi finn desse fleirgongsgytande hardhausane. Forskar Elina Halttunen trur at det kalde klimaet kan vere grunnen:

- Laksen er eit kaldblodig dyr. Han har lik temperatur i kroppen som i vatnet han plaskar rundt i. Når det er kaldt, brukar laksane mindre energi. Så den nordnorske laksen har ofte mykje energi att etter gyting. Laksen et ikkje mens han er i elva, og må klare seg i opp til eitt år utan mat. Energien han har spart, hjelper han til å overleve.

Dei mest aktive nordnorske damene gjennomfører seks gyteturar. Og dei åra då det er få unge gytarar i elva, er det nettopp desse eldre laksehoene som reddar fiskebestanden.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-13