Robotkappløp til månen
Over heile verda er konkurransen i gang. Ein skyhøg pengesum ventar det første laget som sender ein robot til månen.

Astronaut Eugene Cernan var det hittil siste mennesket som sette foten på månen. Det skjedde i 1972. Sidan har det ikkje vore menneske på månen. Sidan 1973 har heller ingen robotar landa der. Det vil organisasjonen X Prize gjere noko med. I konkurransen Google Lunar X Prize er målet å lage ein robot som kan lande på månen, køyre 500 meter og sende video og bilete tilbake til jorda. Det første laget som klarer dette, vinn svimlande 30 millionar dollar. Men kravet er at dei klarer det før slutten av 2015.
Planlegginga er godt i gang
26 lag frå heile verda er med i konkurransen. Fleire av laga er alt godt i gang med å planleggje ferda. Det amerikanske laget Astrobotic deltek med forskingsroboten Polaris. Polaris er ein 2,5 meter lang solcelledriven robotbil. Han er spesialdesigna for å bore etter vatn ved polane på månen. Planen er å sende Polaris til månen i oktober 2015. Det er akkurat tidsnok til å vinne konkurransen. Om ingen av dei andre laga kjem han i forkjøpet, då.
Publisert i Nysgjerrigper 3-13
Relaterte artikler
- Forskere tok bilde av svart hull (15.10.2019)
- Belønnet for forskning på universet og jordas plas ... (15.10.2019)
- Forsker på hva som skjer i den andre enden av lyne ... (02.01.2019)
- En vegg av is på Mars (13.09.2018)
- Hør meteoren hviske (07.05.2018)
- Norge er med på romforskningen (03.04.2018)
- Vi reiser i rommet (29.01.2018)
- Finnes det romvesener? (17.08.2017)
- Hvordan komme til Mars på 30 minutter (11.08.2017)
- Rakettjentene (17.07.2017)
- Underjordisk isbre på Mars (14.07.2017)
- Oppdaget sju nye planeter som kan likne Jorda (24.02.2017)
- Slangerobot er vaktmeister i djupet (08.02.2017)
- Å spå om framtiden (25.01.2017)
- Mars-robot får norsk hjelp (26.10.2016)
- Herifrå til Pluto med romsonde (30.09.2016)
- 342 dagar i verdsrommet (04.01.2016)
- Meteorsvermen Geminidene (11.12.2015)
- Nobelpris for forskning på kameleon-partikkel (09.12.2015)
- I rommet uten drakt? (09.11.2015)
- Flere relaterte artikler