Kvitkval pratar som folk

Ingen blir særleg overraska om papegøyen Polly plaprar om at ho vil ha kjeks. Men kva ville du sagt om ein kval bad deg koma deg opp av vatnet?

Tre delfiner (Ingressbilde) Kvitkvalar i eit akvarium i USA pratar ved å blåse bobler. Foto: Picurepoint.no

Det var nettopp dette som skjedde ved eit akvarium i USA. Dyrepassarane som jobba der, hadde lagt merke til nokre mystiske lydar ved bassenga til kvalane og delfinane. Det let akkurat som om to menneske prata eit stykke unna, litt for langt borte til at ein høyrde kva dei sa.

Kven var det som snakka? Ingen skjønte noko. Ikkje før ein forundra dykkar kom kravlande opp av bassenget til kvitkvalen Noc, og spurde: – Kven sa at eg skulle koma meg ut? Då forskarane begynte å undersøkja, fann dei ut at det verkeleg var Noc som babla med menneskestemme. Nokre av lydane let som ordet "out" ("ut" på norsk), som dykkaren hadde lagt merke til.

Snakkande elefant

Det er ikkje berre under vatn at slikt har skjedd. I ein dyrehage i Sør-Korea oppdaga elefantpassaren noko like merkeleg. Den asiatiske elefanten Koshik kunne seia menneskeord! Etter kvart hadde snabeldyret lært seg fem gloser:

annyong: hallo
anja: set deg ned
aniya: nei
nuo: legg deg ned
choah: bra

Jamvel tilfeldige koreanarar som fekk høyra opptak av Koshiks stemme, forstod kva han sa.

elefant fra Asia

Elefant frå Asia. Foto: Shutterstock

Vanskelege lydar

No synest du kanskje at nokre bablelydar eller fem ord ikkje er særleg imponerande. Men i røynda er det veldig vanskeleg for kvalar og elefantar å uttala menneskelydar. Vanlegvis lagar kvitkvalen høge kvin. Noc måtte leggja stemma si ned fleire oktavar, og bruka pusteholet sitt på ein ny måte.

Og overleppa til elefanten er vaksen saman med nasen, til ein snabel. Utan overleppe er det heilt umogleg å forma lydar som u. Men Koshik stakk i staden snabelen i munnen, og brukte den til å laga menneskelydar.

Kva meinte Noc og Koshik?

Både kvitkvalen og elefanten gjorde altså ein kjempeinnsats for å snakka som folk. Men kva ville dyra eigentleg med pratet sitt? Meinte Koshik verkeleg at trenaren burde setja seg ned? Og ville Noc ha dykkaren ut av bassenget?

Sannsynlegvis ikkje. Det er ingen som heilt veit kva kvalen og elefanten ville. Men forskarane meiner at dei truleg prøvde å låta som menneskevennene sine. Både Noc og Koshik hadde levd saman med folk i mange år. Kanskje ønskte dei berre å høyrast ut som ein av gjengen?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-13