Hai i sikte

Med gapet fullt av sylskarpe tenner kan ein stor kvithai verke ganske truande. Men vi menneske er òg ein trussel mot haien. Båtar, garn, fiskekrokar og ureining kan vere livsfarleg for dei store rovfiskane. For å kunne ta betre vare på haiane må vi finne ut meir om korleis dei oppfører seg. Kvar dreg dei? Når? Kva gjer dei?

haier (Ingressbilde) Forskarar har festa små sendarar på 120 kvithaiar. Ill.: Colourbox

robot-hai (Hovedtekstbilde)Roboten henter energi frå bølgjer og sol.
Foto: Stanford University/Kip F. Evans/Barbara Block/Tom O'Lear
For å finne svar på desse spørsmåla får forskarane hjelp av ein bølgjedriven undervassrobot. Forskarane har festa små sendarar på 120 kvithaiar. Desse instrumenta lagar eit spesielt lydsignal. Signala blir plukka opp av mottakarar på spesielle bøyar - og av undervassroboten Carey. Denne roboten treng verken drivstoff eller batteri. Han hentar energien sin frå bølgjer og sol. Dermed treng han ikkje stoppe for å lade batteri eller fylle drivstoff. Carey kan svømme omkring i Stillehavet i månadsvis. Kvar gong han oppdagar ein hai, gir han forskarane beskjed. Slik kan forskarane heile tida følgje med på kvar haiane er.

app Shark Net (Hovedtekstbilde)På appen Shark Newt kan du følgje 120 kvithaiar.
Foto: Stanford University/Kip F. Evans/Barbara Block/Tom o'Lear

Hai på mobilen

Faktisk kan du også følgje haiane når dei svømmer omkring i Stillehavet. Forskarane har nemleg laga ein eigen app som lar deg følgje rundt 20 av haiane på ein smarttelefon. Denne appen gir deg beskjed kvar gong ein av haiane passerer ein bøye eller blir oppdaga av undervassroboten. Du kan òg sjå 3D-modellar, foto og video av haiane.

Appen heiter Shark Net - Predators of the Blue Serengeti. Han er gratis, og kan lastast ned frå App Store eller iTunes. Du finn han ved å søkje på "Shark Net". Sjå video frå sjøsetjinga av Carey: http://bit.ly/PnpaSi

Publisert i Nysgjerrigper 3-13