Bakteriar i det blå
Lufta yrer av liv. Når du kikkar opp på ein blå himmel, ser du faktisk også på massevis av levande skapningar. Langt oppi atmosfæren bur det nemleg millionar av bakteriar.

Bakteriane er for små til at du kan sjå dei. Men forskarar har klart å sila bakteriane ut frå prøvar av luft som vart samla inn med eit fly.
Kva driv dei ørsmå vesena med der oppe?
Det kjem an på kva for bakteriar du spør om. Det er nemleg ikkje alle typane som lever på himmelen heile tiden. Forskarane fann ut at kraftige stormar blåser ei heil mengd ulike bakteriar frå bakken og opp i atmosfæren. I dagane etter uveret susar dei av stad blant skyene. Så dett dei ned igjen, milevis frå staden dei kom frå. Men andre typar bakteriar svevar rundt der oppe heile tida, også når det ikkje har vore nokon storm. Forskarane trur dei kanskje lever heile liva sine i lufta.
Sjølv om bakteriane i atmosfæren er ørsmå, kan dei spela ei viktig rolle på jorda, meiner forskarane. Slike ørsmå fnugg i lufta gjer nemleg at skyer lettare blir til regn og snø.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-13
Relaterte artikler
- Helt i tåka (15.10.2019)
- Jakten på mikroplasten (13.09.2019)
- De aller minste plastbitene (04.09.2019)
- Nyttig manetslim (15.08.2019)
- Hvordan blir været i 2050? (11.02.2019)
- Hva tror du må til for at vi skal forurense mindre ... (11.02.2019)
- Forsker på hva som skjer i den andre enden av lyne ... (02.01.2019)
- Skal det være en vepsekake eller en gresshoppetaco ... (23.11.2018)
- Hvorfor spiser sjøfuglene plast? (23.01.2018)
- - Lær så mye dere kan om klimaet (19.01.2018)
- Sjøgresset gjør en viktig jobb for klimaet (12.01.2018)
- Forurensning i havdypet (24.11.2017)
- Vil rense havet for plast (06.10.2017)
- Bjørn hjelper kirsebær (04.09.2017)
- Forskningskampanjen 2017: Sjekk kunstgressbanen (23.06.2017)
- Var det perlemorskyer som fikk Munch til å male Sk ... (28.04.2017)
- Møt en meteorolog (22.03.2017)
- Kva fortel skyene? (21.03.2017)
- Forskningskampanjen 2016: Vi lager skyatlas og all ... (16.09.2016)
- Korleis har havet det? (26.08.2016)
- Flere relaterte artikler