Sabeltann-ekorn levde i lag med dinosaurane

Store auge, lang snute og hoggtenner. Omtrent så stor som ei mus. Vi snakkar om det nesten 100 millionar år gamle vesenet som amerikanske forskarar hogg ut av fjellet i Argentina.

Cronopio dentiacutus - sabeltanndyr (Ingressbilde) Forskarar fann hovudskallen til dette vesenet i Argentina, og har brukt fem år på å lage modellen. Foto: NTB Scanpix

For 94 millionar år sidan, i sein krit-tid, var det dei svære dinosaurane som regjerte på landjorda. Ein veit lite om kva for pattedyr som heldt dinosaurane med selskap. Dei få dyra som er funne, har vore i svært skrøpeleg stand.

Rar og stygg

Dei amerikanske forskarane hadde derfor mange spørsmål. I eit avsidesliggjande område i Argentina hogg dei seg fram til ein del svar. Her kom dei nemleg over noko merkeleg. Eit dyr så rart og stygt at det såg ut som rein fantasi. Utysket har fått det vitskaplege namnet Cronopio dentiacutus.

Sabeltann-ekorn

Dyret var så stort som ei mus. Det hadde hoggtenner, store auge og ein kjempelang snute. Ikkje heilt ulikt det irriterande sabeltann-ekornet Scrat frå filmen "Istid".

Forskarane fann hovudskallen

Dei hakka han fram frå sandstein. Sannsynlegvis har han enda livet sitt i ei elv, og etter kvart blitt dekt av grus og sand. Det var ein hovudskalle forskarane fann. Men ein veldig godt bevart ein. Dei klarte derfor å gjenskape mykje av dyret.

Hoggtenner

Nesten fem år har forskarane brukt på å lage ein svært levande modell. Men ein ting lurer dei framleis på: Kva skulle han med dei enorme hoggtennene? Brukte han dei til å spidde nærgåande fiendar?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-13