Maurens mystiske liv

27. mai 2013 06:00

En arbeidsmaur og en soldatmaur (Ingressbilde) Maur har ulike oppgåver. Her er ein arbeidarmaur og ein storhovda soldatmaur. Foto: Shutterstock

Kor gammal blir ei maurtue? Og er det riktig at det berre bur éi dronning i kvar maurtue? Det finst mange mytar og rare historier om maur.

Ifølgje speidarboka til Ole, Dole og Doffen og dei andre i speidarrørsla Hakkespettene ligg alle maurtuer på sørsida av trea. Ei grei opplysning for speidarar på ville vegar. Men er det verkeleg slik at vi kan bruka maurtuene til å orientera oss i naturen? Vi har snakka med maurspesialisten Torstein Kvamme. Han fortel at det ikkje er heilt riktig slik det står i Hakkespettboka i Donald Duck.

Maurforsker Torstein Kvamme (Hovedtekstbilde)Torstein Kvamme er ekspert på maur. Han meiner vi enno ikkje har funne alle artane.
Foto: /Ill.: Melkeveien designkontor

Lys og varme

- Dei aller fleste maur vil bu der det er lyst og varmt. Derfor byggjer dei tuene sine på stader der det er mest mogleg sol. Og slike stader kan liggja kvar som helst i skogen uavhengig av trea. Samtidig vel maur å bu der dei finn materiale dei kan byggja tuene sine med, og i område der dei slepp å konkurrera med andre maursamfunn, fortel Torstein.

Torstein jobbar som forskar ved Norsk institutt for skog og landskap. Hans jobb går ut på å studera kvar og korleis maur lever. Han reiser til og med rundt i Noreg og andre land for å studera maurtuer, så han er veldig interessert i dei små insekta.

14 000 forskjellige maruartar

I Noreg har ein hittil funne om lag 55 forskjellig artar maur, men det kan vera at det finst så mange som 70 artar eller meir. I heile verda er det i alt funne 14 000 forskjellige maurartar. Men Torstein trur at det kan eksistera så mange som 25 000 artar.  Vi har berre ikkje funne alle enno. Og sjølv om artane ser veldig like ut, lever mange svært forskjellig. Nokre liker å bu varmt og tørt, mens andre liker å bu i skog og våte myrar.

Hundrevis av år gamle maurtuer

Maurtue i skogenMaur byggjer tuene sine der det er mest mogleg sol, og der dei finn materiale til å byggja tuene.
Foto: NTB Scanpix
- Og nokre maurartar liker å bu i små koloniar, mens andre lever i såkalla superkoloniar som består av mange tuer med millionar av arbeidarar, fortel Torstein. Han har sett maurtuer som er over to meter høge. Desse er svært gamle, fortel han. Men han kan ikkje seia eksakt når maurane begynte å byggja dei. Torstein trur at dei eldste maurtuene kan vera 250 år gamle eller meir.

Dronningar og late maur

Det er riktig at enkelte maursamfunn berre har éi dronning. Dette gjeld for små maursamfunn som berre består av 50 arbeidarar. Men i tuer der det bur millionar av maur, bur det også mange dronningar. I tuer med meir enn fem millionar arbeidarar har ein registrert at det bur så mange som 5000 dronningar.Dronningmaur, egg og mindre maur (Hovedtekstbilde)I små maursamfunn med berre 50 arbeidarar bur det éi dronning. Der det bur millionar av maur, bur det også mange dronningar.
Foto: Picturepoint.no

Når ein snakkar om maur, omtalar ein oftast dei som er arbeidarar. Dei er nemleg kjende som flittige og arbeidsame insekt. Men det er ein myte at alle maur er flittige. Det finst også late maur.

- Nokre maur held andre som slavar. Og det finst maur som blir omtala som sosialparasittar fordi dei tvingar seg inn i andre maur sine tuer, drep dronninga og tvingar andre maur til å oppdra avkommet sitt, fortel Torstein.

Gjester som drep

Køllebille (Hovedtekstbilde)Køllebilla lever i maurtua heile livet.
Foto: K. Sund/ Skog og landskap
Forutan maur lever det hundrevis av andre insekt inne i maurtua. Éin av gjestene - den blinde køllebilla - et til og med avkommet til mauren.

Både midd, edderkoppar og andre smådyr kan leva eit godt liv inne i ei maurtue. Nokre insekt besøkjer maurane i korte periodar, mens andre lever i maurtua heile livet. Det gjer den blinde køllebilla. Ho er heilt avhengig av maurane for å overleva, og forsyner seg av både egg, larver og pupper i tua. Mauren er til og med så omtenksam at han matar og passar på billa. Det er enno eit mysterium kvifor maurane er så snille med køllebilla. Det kan vera at billene lagar duftstoff som maurane liker. Uansett så trivst mauren og billa i selskap med kvarandre.

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.

Publisert i Nysgjerrigper 2-13

Sist endret: 27.05.2013

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle