Holefisk er herre over mørket

Holefisken lever livet sitt heilt åleine og i stummande mørke. Likevel held han orden på natt og dag.

21. mai 2013 06:00
blind fisk (Ingressbilde) Den somaliske holefisken har ikkje sett dagslys på nesten to millionar år. Ill.: www.melkeveien.no

Under den varme somaliske ørkenen svømmer han rundt. I mørke, vassfylte grotter lever holefisken Phreatichthys andruzii. Han er blind og nesten gjennomsiktig. I mørket brukar han ikkje auga, så dei har sakte, men sikkert blitt borte. Pigment i huda har han heller ikkje. Utan sollys treng han ikkje det.

Døgnet har 47 timar

I nesten to millionar år har den fargelause holefisken levd heilt åleine. Og det kan lett bli lange dagar. Tyske forskarar har funne ut at eit vanleg døgn for holefisken er på rundt 47 timar, nesten det dobbelte av vårt.

Indre klokke held orden på dag og natt

Døgnet vårt blir styrt av dagslys og mørke. Vi er vakne om dagen, og når det blir mørkt om kvelden, skjønar kroppen at det nærmar seg natt og gjer seg klar for å sove. I den mørke grotta til holefisken slepp ikkje dagslys inn. Der er det natt heile tida. Men holefisken har ei slags indre klokke som held orden på døgnet.

Svolten påverkar klokka

Forskarane trur at klokka kan bli påverka av svolten  til holefisken. Han har nemleg  tilgang til mat til same tid kvar dag. Slik kan han leve eit normalt liv sjølv i stummande mørke.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-13