Blekksprut i smart forkledning

Langt under havflata har ein liten blekksprut funne ein genial måte å gøyme seg for dragefiskar og andre fiendar på. Forkledning!

dragefisk (Ingressbilde) Denne dragefisken er ein av fiendane som blekkspruten må gøyme seg for. Foto: Colourbox

600 meter under havflata er det berre dei barskaste som overlever. Der er det kaldt, mørkt og lite næring. Ein liten, gjennomsiktig geléklump har likevel funne seg godt til rette her. Den tre centimeter lange blekkspruten Japetella heathi baskar rundt i det nesten kolmørke havet. Blikket har han vendt nedover. Der sirklar det nemleg svoltne fiendar.

Kroppen kastar ikkje skugge

Fiendane angrip helst frå undersida. I lyset frå overflata ser dei omrisset av godbitar over seg. Den lille blekkspruten kan som regel puste letta ut. Med den gjennomsiktige kroppen kastar han ikkje skugge. Men på turane sine ned mot 1000 meter er han ikkje fullt så trygg lenger.

Dragefisken lyser på magesekken

Blekksprut (illustrasjon) (Hovedtekstbilde)Blekkspruten er gjennomsiktig.
Foto: /Ill.: Melkeveien designkontor
Der møter han mellom anna dragefisken, ein fisk med heilt spesielle eigenskapar. Frå organ langs kroppen sender han nemleg ut sterkt lys som lett fangar opp blekksprutar. Det er magesekken som blir opplyst. Det er den einaste kroppsdelen hans som ikkje er gjennomsiktig. Forkledningsmeisteren må i aksjon. Straks!

Blekkspruten endrar farge på eitt sekund

På under éitt sekund har han blitt mørk og går nesten i eitt med havet. Endringane skjer i hudcellene i blekksprutskinnet. Med ein liten muskelbevegelse har pigmenta i huda endra storleik og blekkspruten endra farge. Med den nye fargen er han mykje vanskelegare å få auge på. Han er sikra eit langt og lukkeleg liv i havet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-13