Geit med dialekt

Britiske forskarar har lytta til ein spesiell sort dverggeiter. Dei viser seg å vere langt meir snakkesalige enn ein har trudd til no.

Geit Forskarar har studert mekringa til dverggeiter. Foto: Shutterstock

Av alle pattedyra er det vi menneske som er kjende som dei store pratmakarane. Vi har ei heilt spesiell evne til å lære språk. Dei fleste andre pattedyr er fødde med dei lydane dei skal ha, og må stort sett klare seg med dei. Det er i alle fall dette ein har trudd til no.

Nokre snakkesalige dverggeiter har fått engelske forskarar  til å skifte meining.

Mekrar på same måte

Geiter blir sett på som intelligente dyr. Dei kan både opne grindar og forstå avanserte fôringsautomatar. Men språket har dei aldri fått heilt dreisen på. Dei arvar nemleg  snakketøyet sitt frå foreldra. Når geiter er rolege og ustressa, har dei ein koselyd som dei brukar seg imellom. Denne godlyden bestemte forskarane seg for å lytte litt nærmare til.

Heil- og halvsøsken

Forskarane følgde fire ulike grupper med geitekillingar i fem veker. Gruppene var ei blanding av heilsøsken og halvsøsken. Alle hadde same mor, men mange hadde ulike fedrar. Etter ei veke var funna til forskarane som forventa. Killingane med same mor og far mekra på same måten, medan halvsøskena mekra litt annleis. Men etter fem-seks veker saman hadde ting endra seg.

Same koselyd

For å vere ein av gjengen er det viktig ikkje å skilje seg ut, også for geiter. Det viste seg at geitene hadde lært av kvarandre, og alle hadde fått den same koselyden.

Ein veit frå før av at kvalar og flaggermus har evna til å endre på språket sitt. Og no altså geiter. Forskarane undersøkjer no om også andre dyr er meir pratsame enn ein skulle tru.

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-12