Framtida blir meir elektronisk

I dag bruker folk Internett på datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar til alt mogleg. Vi søkjer etter informasjon om ting vi lurer på, les e-post og aviser, bestiller reiser, ser nett-TV og spelar spel og mykje meir. Norske forskarar er med på å gjere framtida enda meir elektronisk.

Gutt som holder mobil eller nettbrett (Ingressbilde) Ein kan bruke nettbrett til å styre lyset og temperaturen inne. Ill.: Melkeveien designkontor

Når du blir vaksen, kjem du til å bruke mange elektroniske dingsar. Mykje til ting som vi ikkje kan tenkje oss i dag. Kanskje får du bitte små datamaskiner inni kroppen slik at du er på nett heile tida. Kanskje blir du òg ein del av ei virtuell verd, altså ei kunstig verd. Der kan du ha ein avatar - ein figur som ser ut som deg - som gjer ting saman med andre avatarar.

Mange forskarar prøver å finne ut korleis vi kan bruke elektronisk utstyr og Internett på nye og betre måtar. Her kan du lese om noko av det norske forskarar jobbar med.

Slutt på hakkete nettvideo?

Nettbrett med hakkete bilde (Hovedtekstbilde)Foto: /ill.: Melkeveien designkontor

Har du prøvd å snakke med venner eller slektningar med Skype eller sett TV på datamaskina? Då har du kanskje opplevd at videoen stoppar opp eller hakkar. Viss du ser på ein fotballkamp eller eit skirenn, er det irriterande viss du ikkje får med deg målskåringar eller at vinnaren går over målstreken. Forskarane har klart å finne ut kva dei skal gjere for at video på datamaskina blir betre. Då får du kanskje eit litt meir uklart bilete, men du ser i alle fall alt som skjer og slepp å irritere deg over at videoen hakkar.

Snakkar med barnestemme

Folk som har sjukdomar som gjer at dei ikkje kan snakke, kan få datamaskina til å snakke for seg. Til no har datamaskiner snakka med stemma til ein vaksen, og det kan vere rart dersom det er ein gut eller ei jente på åtte år som treng hjelp til å snakke. No har forskarane funne ut korleis dei får stemma til datamaskina til å høyrast ut som eit barn. Så då kan barn få datamaskiner som høyrest meir ut som dei. Det kjem òg til å bli vanlegare at vi snakkar med datamaskinene våre. Då er det kjekkare for barn å snakke med datamaskiner som høyrest ut som barn.

Mann med datahjerne (Hovedtekstbilde)I framtida får du kanskje bitte små datamaskiner inni kroppen slik at du er på nett heile tida?
Foto: /ill.: Melkeveien designkontor

Nettbrett i heimen

Mange gamle treng hjelp for å klare seg heime, men mykje av tida er dei åleine. Forskarane har funne ut at gamle kan bruke nettbrett til å styre lyset og temperaturen inne. Med nettbrett kan dei også sjå kven som ringjer på, og opne døra. Dei kan òg få utplassert små målarar heime som sender beskjed over Internett til heimehjelpa dersom dei treng hjelp. Gamle kan dessutan bruke nettbrettet til å snakke med familie og venner på videotelefon slik at dei føler seg mindre åleine. Dei kan spele spel og sjå på nett-TV. Berre vent, kanskje blir besteforeldra dine betre enn deg på å bruke nettbrett!

Science fiction-opera

Tenk deg at du snakkar med foreldra dine på videotelefon når dei er på reise, men at det ser ut som dei står lys levande inne i stova saman med deg. Det kan faktisk bli mogleg. Forskarar testar det no ut på operaer. Vanlegvis er operasongarane på same scene, men forskarane prøver å lage framsyningar der songarane er ulike stader i verda. Dei blir filma og viste på skjerm der den andre er, slik at dei kan syngje saman. Forskarane ønskjer å sleppe å bruke skjerm, og vil få det til å sjå ut som om songarane står saman i rommet. Men om du då prøver å ta på dei, vil du sjå at nokre av dei eigentleg ikkje er der.

Bli med på Nysgjerrignøtta

Delta i tegnekonkurransen Nysgjerrignøtta! I Nysgjerrignøtta 4/12 er oppgaven å lage en tegning av deg selv og de digitale verktøyene du tror du bruker om 10 år.

Frist for å sende inn tegninger er 30. november 2012. Les om konkurransen og hvordan du sender inn bidrag her.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-12