Mamma veit best

Ei muriqui-apemor har sønene buande heime og passar på dei som juvelar. Forskarane trur at nettopp mødrene har æra for at dei litt tafatte sønene får seg kjærast og ungar.

Muriqui-ape i et tre (Ingressbilde) Hos muriqui-apene er det de eldre damene som bestemmer. Foto: GV-PRESS

I skogane sør i Brasil lever muriqui-apekattane. Her lever dei eit roleg og lukkeleg liv, rundt 50 individ i flokken. Dei knaskar lauv og slengjer seg frå tre til tre med dei halvmeterlange halane. Forskarane har hatt apekattane under oppsikt i nesten 30 år. Og det er spesielt mødrene i flokken som overraskar.

Eldre damer har kontrollen

I vanlege apeflokkar er det hannane med høgast rang som blir kjærastar med damene. Det er stadige kampar mellom hannane for å avgjere rangen. Dårleg stemning i flokkane er derfor vanleg. Hos muriqui-apane er det heilt annleis. Her er det nemleg dei eldre damene som har teke kontrollen. Dei er like store og kraftige som mennene, og har styringa  med det meste. Også kven av hannane som skal få seg kjærast. Ei ung hoe som har sett seg ut ein kjekk hanne, må vere klar over ein ting: Det følgjer ei streng svigermor med på kjøpet.

Mange krav

Det er ei svigermor med mange krav. Sonen skal få kjærasten til ei bestemt tid. Han skal finne seg ei som ikkje er i nær slekt. Og svigermor bestemmer òg når det passar å få barn. Som om ikkje det var nok, vil ho ha sonen buande heime og oppdra barnebarna sjølv.

Det er att berre 1000 individ av muriquiane, så jobben mødrene gjer, er viktig. Og kanskje hadde det elles ikkje blitt kjærastar på dei litt tafatte sønene?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-12