Dinosaur på kokepunktet

Forskarar har klart å måle temperaturen på forhistoriske dinosaurar. Langhalsane sine små tenner gav svaret.

Langhals_dinosaurus (Ingressbilde) Forskarar har klart å måle temperaturen på forhistoriske dinosaurar. Ill.: SCANPIX/SPL

Staden er Nord-Amerika. Tida er skrudd 200 millionar år tilbake, heilt til juratida. Store dinosaurar dundrar rundt i det varme klimaet. Den største av dei alle er langhalsen. Med sine 80 tonn veg han like mykje som 60 bilar stabla oppå einannan. Og frå nasen til haletippen måler han 60 meter.

Lite hovud - stor appetitt

Ni meter av kroppen er hals. Ein lang, slank hals med eit lite knappenålshovud på toppen. Langhalsen var planteetar, og den lange halsen hjelpte han til å skaffe mat. Sjølv stod han stort sett i ro, og svinga hovudet dit maten var å finne. Og med dei små tennene raspa han i seg blad frå trea. Det er nettopp dei skarpe tennene forskarane har interessert seg for.

Eldgamle tenner

Forskarar har lenge trudd at langhalsen var glovarm på innsida. Over 40 grader var ikkje utenkjeleg. No har tannemaljen på nokre eldgamle dinosaurtenner fått dei til å skifte meining. For langhalsen er tennene som eit fingeravtrykk å rekne.

Forskarane målte innhaldet av bestemte stoff i tannemaljen, det harde skalet rundt tanna. Dei kunne då rekne ut kva temperatur tanna heldt då emaljen blei til. Resultatet var overraskande: 37 grader, akkurat som hos oss menneske.

   Langhalsane var svære kjemper. Den lengste kan ha vore 60 meter lang. Ill.: SCANPIX/SPL

Gryte med lokk på 

Når dyr aukar i storleik, vil temperaturen på innsida som regel stige. Meir kjøtt blir oppvarma, og det er ikkje så mykje hud som varmen kan lekkje ut gjennom. Nesten som ei kokande gryte med lokk på. Langhalsen må ha funne ein heilt spesiell måte å kjøle seg ned på, og forskarane har nokre idear.

Han kan ha kvitta seg med mykje varme gjennom den lange halsen og den lange halen. Eller kanskje var han flink til å slappe av og finne gode skuggar, for å unngå den verste varmen frå sola?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-12

Lesetrening med Lesekroken 

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.