Ugleprat

Når ein skal på fjellet, lyttar ein gjerne til erfarne fjellfolk først. Ein ønskjer å vite kor det er trygt å gå. Dverghornugler som skal hekke på spanskekysten, førebur seg også grundig.

Nærbilde av ugle (Ingressbilde) Dverghornugler tjuvlyttar til kyrkjeuglene før dei skal bygge reir. Foto: Shutterstock

Får egga liggje i fred? Er staden trygg for borna? Som mødrer flest vernar dverghornuglene om sine søte små. Då er det godt at dei kan tjuvlytte til kyrkjeuglene, nokre fastbuande skravlebøtter. Dei veit om alt som skjer i nærområdet. Og oppdagar dei farar, startar skravla å gå. På trygg avstand sit dverghornuglene og  lyttar til ropa frå dei oppskjørta kyrkjeuglene. Dette meiner i alle fall spanske forskarar.  

Lyttar på råd 

Forskarane heldt i ein periode tre ulike område under oppsikt. Eit område med høgrøysta rop frå kyrkjeugler. Eit anna område der det berre var vanleg kyrkjeugleprat. Og eit tredje område der det var heilt rolig. Kvar ville dei hekkande dverghornuglene slå seg ned? Det viste seg at dei lytta på råda frå dei lokalkjende kyrkjeuglene. I bråkeområdet var det nemleg ikkje ei einaste dverghornugle å finne. Dei var allereie i gong med reirbygging i dei to andre, trygge områda. 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-12