Hakkespett med støytdemparar

Tenk deg at du spring så raskt du klarer og med eitt krasjar i ein lyktestolpe. Med om lag same fart dundrar hakkespetten nebbet sitt inn i trestammen. Gong på gong. Opp mot 20 gonger i sekundet.

Hakkespett på trestamme (Medium caseimage)

Hakkespetten brukar nebbet til litt av kvart. Han hakkar for å gi viktige beskjedar til andre hakkespettar. Ofte er det kjærleiksmeldingar. Han lagar holer i trea der barna  kan bu, og finn han mat, pirkar han ut maten med den ti centimeter lange og seige tunga. Når han har hakka ifrå seg etter ein lang dag, kan han ha hakka nesten 10 000 gonger. Utan å få vondt i hovudet! Kinesiske forskarar har funne litt av forklaringa.

Sterk nakke

Hakkespettane viser seg å vere spesiallaga for å tole den røffe behandlinga. Dei har ein uvanleg sterk nakke, og inne i skallen er der svampaktige område som dempar dei kraftige støytane. Sjølve hjernen er veldig godt innpakka. Sjølv om slaga er harde, ligg hjernen heilt roleg. Hos oss menneske har han litt for god plass og blir liggjande og skvulpe. Derfor kan eitt av hakkespettane sine 10 000 dunk vere nok til å gi oss ei kraftig hjerneristing.

Hjelm for menneske?

Forskinga på hakkespetten sin hovudskalle kan bli nyttig. Ein leitar etter måtar å lage endå betre hovudvern for menneske. Så når du i framtida kjøper ein hjelm, kan han vere inspirert av hakkespetten sitt topplokk.

(FOTO: GV-PRESS)

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-12