Struts i ekspressfart

Strutsen kan springe ifrå fiendar i over 70 kilometer i timen. Forskarar har funne hemmelegheita godt gøymd inne i tåledda til fuglen.

Struts (Ingressbilde) Strutsen kan rase bortover i over 70 kilometer i timen. Foto: GV-PRESS

Når strutsen trør gassen i botnen, rasar den 2,5 meter høge og 130 kilo tunge fuglen bortover i over 70 kilometer i timen. Fiendar som kvite løver og gepardar klarer å følgje han eit stykke på veg. Men dei må fort gi opp. Strutsen har nemleg ei heilt spesiell evne til å halde dampen oppe over lang tid.

Kostar av garde

Strutsefot (Hovedtekstbilde)Tærne til strutsen har elastiske sener, nesten som gummistrikkar.
Foto: GV-PRESS
Australske forskarar har studert og samanlikna strutsar og menneske, og funne ut at dei brukar om lag like mykje krefter på å lyfte beina sine. Men likevel kostar strutsen ifrå. Forskarane har funne hemmelegheita, godt gøymd inne i tåledda til strutsen. Han har lange, kraftige tær. Desse tærne er festa til mellombeinet med ledd med lange, elastiske sener. Nesten som gummistrikkar. Når strutsen sett bortover dei solsvidde, afrikanske markene, blir senene strekte ut kvar gong han mellomlandar på ei tå. Og når han trakkar til, så trekkjer senene seg saman att. Dette gir strutsen ekstra puff framover.

Teknikk til beinprotesar

Forskarane håper at dei kan bruke strutsen sin springeteknikk når dei utviklar nye beinprotesar til menneske som manglar ein fot. Og kanskje kan dei lage nye, smidige robotar med strutsegang?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-11