Slik blei hava til

Har du tenkt på kor alt vatnet på jorda kjem frå?

Havet (Ingressbilde) Amerikanske forskarar meiner at hava kan ha kome frå det indre av jorda. Foto: Shutterstock

Ein har lenge trudd at jorda i barndommen blei bombardert av isfylte kometar og asteroidar. I møte med jorda blei is til vatn og fylte opp verdshava. No meiner amerikanske forskarar at vatnet ikkje har kome ovanfrå i det heile. Blikket må vendast nedover. Mot det indre av jorda. Det er nettopp der verdshava kan ha blitt fødde.

Ei glødande eldkule 

Vi må langt tilbake i tid. For 4,5 milliardar år sidan var jorda framleis ei uferdig, glødande eldkule. I ei suppe av flytande lava sokk tunge metall inn mot midten. Lettare mineral la seg som ei kappe rundt jorda. Denne kappa kallar vi mantelen, og ho inneheldt berre ein prosent vatn. Men det var meir enn nok til å skape enorme verdshav. Mange hundre meter djupe hav.

Vatnet pipla fram

Mantelen byrja etter kvart å størkne innanfrå. Den einslege prosenten med vatn blanda seg ikkje med minerala, men pipla derimot utover i jordskorpa. Ute i fri luft venta ekstrem varme og eit høgt trykk. Varmen fekk vatnet til å fordampe, og trykket heldt dampen i atmosfæren rundt jorda på plass.

I løpet av nokre titals millionar år fall temperaturen. Dampen blei til vatn, og vatnet fylte store og små holrom i den rykande ferske jorda. Verdshava blei sakte, men sikkert til.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-11

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.