Øgle i tusen bitar

På Tøyen i Oslo sit forskarane og puslar. Hundretusenvis av småbitar blir sett saman til ei forhistorisk fiskeøgle

Fiskeøgle (Ingressbilde) Dette er eit 147 millionar år gammalt puslespel. Foto: Shutterstock

Svalbard 2009. På ein fjelltur på Janusfjellet snublar paleontolog Jørn Hurum over nokre ribbein som stikk ut av fjellet. Det viser seg å vere delar av den gigantisk fiskeøgla Ichtyosaurus som levde i Juratida for 147 millionar år sidan.

På denne tida sumde den delfinaktige skapninga rundt i Barentshavet. Den fem og ein halv meter lange fiskeøgla hadde eit fryktinngytande blikk med auge store som pizza. Ofte med ein blekksprut hengande ut av munnviken.

Bit i rumpa

Sannsynlegvis har øgla vore uforsiktig. Ho har i alle fall fått seg eit skikkeleg bit i rumpa. Nokre knekte halevirvlar og ein manglande haletupp tyder på dette. Øgla sokk seinare til botnen og blei dekt med slam.

Gøymt i fjellet

For rundt 50 millionar år sidan blei havbotnen pressa opp. Svalbard blei skapt, og med eitt var havbotnen blitt til høge fjell. Fiskeøgla gøymde seg i fjellet, men blei til slutt oppdaga. Jørn Hurum fortel. - Vi fann ho 200 meter over havet. Først eit ribbein, og deretter eit ribbein til. Dei låg ved sidan av kvarandre og så tett at dei måtte tilhøyre same dyr.

Fram med penselen

I den mjuke bladskiferen kunne udyret rett og slett penslast fram. Del for del. Mange hundretusen delar til saman. Og jobben tok over ti dagar. I ein mørk kjellar på zoologisk museum starta så puslejobben. Hundretusenvis av bitar skulle finne akkurat sin plass i skjelettet.

Etter seks månader hadde forskarane det mest komplette ichtyosaurus-skjelettet som er henta ut frå Arktis.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-11