Flygande slangar

Finst det noko skumlare enn ein slange som kjem ålande bortetter bakken? Kanskje ein som kjem susande gjennom lufta?

Slange (Ingressbilde) Den asiatiske parksnoken roterer gjennom lufta som ein frisbee. Foto: Scanpix

Den asiatiske parksnoken Chrysopelea paradisi, beveger seg like mykje i lufta som på bakken. Og når han tek sats, kan han flyge gjennom lufta i rundt 40 kilometer i timen.

Frå tre til tre

Den meterlange slangen buktar seg lett oppover loddrette trestammer. Ei ru, skjelaktig overflate gjer at slangen klarer å halde seg fast til treet. På ei grein rundt 15 meter over bakken startar flygeturen. Med den ytste delen av halen surra rundt greina slepper han taket, og heng med eitt oppned. Eit lite rykk med hovudet er nok til at han kan slengje seg vekk frå treet og starte den roterande flyturen. Opp til 24 meter seinare har han landa elegant i eit anna tre.

Som ein frisbee

Han roterer gjennom lufta som ein frisbee, og forma er ikkje heilt ulik heller. Slangen dreg nemleg inn pusten før turen. Veldig kraftig. Så kraftig at magen blir flat, og slangen blir dobbelt så brei som vanleg. Slik får han betre oppdrift.

Dei amerikanske forskarane som har studert flygeteknikken til Chrysopelea paradisi, kan forsikre om at han er treffsikker og sjeldan bommar på målet sitt. Slangen er giftig og kan bite, men ein hoven finger er heldigvis den verste skaden forskarane har høyrt om.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-11