Edderkopp med silkepust

Her er edderkoppen som har det meste: Kone, barn og nett til å fange insekt i. Og han er på trygg avstand frå glupske fuglar. Kva meir kan han vel ønskje seg? Jo, luft!

Edderkopp (Ingressbilde) Vassedderkoppen lagar si eiga dykkerklokke. Foto: GV-PRESS

Den brunsvarte Argyroneta aquatica er noko så sjeldan som ein vassedderkopp. Han pustar med lunger, og er eigentleg tilpassa eit liv på land. Likevel har han slått seg ned på botnen av oksygenfattige småpyttar og stilleståande elvar.

Dykkarklokke

Nede på botnen har han spunne seg dykkarklokke av silke. Minst ein gong om dagen svømmer han opp til vassoverflata. Der fangar han luftbobler som han balanserer ned til botnen på den hårete magen sin. Boblene pressar han inn i dykkarklokka. Då har han oksygen som han og familien kan snuse seg mette på utover dagen.

Går i oppløysing

Har han luft til overs, gnir han magen mot sprekker og holrom på botnen. Då får han og familien fleire tørre, fine plassar å boltre seg på. Når han og familien har pusta seg gjennom dagen, minkar det med oksygen inne i bobla. Og sakte men sikkert går ho i oppløysing. Vassedderkoppen førebur seg på ein ny, lang svømmetur mot overflata.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-11