Rovfisk med sylskarpe sansar

Haien har ein kropp som er perfekt tilpassa rolla som rovfisk - heilt frå halefinnen til dei sylskarpe tennene. Han kan lukte ei teskei blod på lang avstand. No har forskarar fått ny kunnskap om luktesansen og synet til haien.

Hammerhai (Ingressbilde) Hovudet til hammarhaien har en rar fasong, men hjelper rovfisken til å lukte seg fram til maten. Foto: GV-PRESS

Stavcellene i eit menneskeauge er svært følsame for lys. Dei gir oss blant anna nattsyn. Tre typar tappceller gir oss fargesyn: ei for blått, ei for raudt og ei for grønt lys. Dette har ikkje haien.

Fargeblind 

Australske forskarar har undersøkt 17 forskjellige haiartar. Dei fann ut at 10 av artane ikkje hadde nokon tappceller i det heile. Resten av haiane har berre tappceller som fangar opp grønt lys. Det betyr at haiane truleg ikkje kan sjå forskjell på fargar.

Men dei kan sjå forskjell på mørke og lyse ting. Djupt nede i havet er det mørkt og få fargar å sjå. Då er det ikkje så viktig med fargesyn. Det er mykje viktigare for haien å ha godt mørkesyn.

Nyttig kunnskap                                           

Det kan vere nyttig å vite meir om synet til haien. Ein av forskarane meiner det kan hjelpe oss til å lage badedrakter som ser mindre spennande ut for hai.

Vi kan også fiske med agn som hai ikkje får auge på, men som tiltrekkjer seg andre fiskar. Slik kan menneske og hai sleppe å bli middag for kvarandre.

Fantastisk luktesans

Haien har ein fantastisk luktesans. Han kan lukte så lite som ei teskei blod på lang avstand. Haien kan òg finne ut nøyaktig kvar lukta kjem frå.

Når ei freistande lukt når fram til haien, vil ho treffe den eine nasebora ein liten augneblink før den andre. Dersom lukta treffer den venstre nasebora først, veit haien at lukta kjem frå venstre.

Hammarhaien

Dette kan forklare kvifor hovudet til hammarhaien har så rar fasong. Naseborene sit nemleg på kvar si side av det kjempebreie hovudet. Dermed blir tidsforskjellen mellom naseborene ekstra stor. Då er det endå lettare å lukte seg fram til maten.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-11