Marsjhøgd: 10 000 meter

Fuglar som bur i Noreg heile året, klarer seg som oftast med små lufteturar langs bakken. Viss dei ein sjeldan gong stig opp mot himmelen, kjem dei seg ikkje høgre opp enn 150 meter. Dei må sjå langt og høgt etter dei verkelege storflygarane.

Gjess (Ingressbilde) Med medfødde dunjakker rundt kroppen held gjæsene varmen i det røffe klimaet 10 000 meter over bakken. Foto: GV-PRESS

Det er nemleg trekkfuglane som er baronane i lufta. Dei let seg ikkje skremme av store høgder. Opp mot 6000 meter over bakken er ikkje uvanleg. Og det er dei som har lengst veg å reise, som ofte flyg høgast.

Forskarane trur at dei flyg høgt for å sleppe å tørke ut. Langt nede mot bakken er det varmare, dei sveittar meir, og dei må stoppe for å sløkkje tørsten rett som det er. Dette taper dei mykje tid på.

Treng god polstring

Når fuglane stig opp mot himmelen, blir det kaldare og kaldare rundt dei. Over ei halv grad kaldare for kvar 100 meter høgd blir etter kvart til mange kuldegrader.

I 1000 meters høgde har det blitt 5 grader kaldare, og på 10 000 meter har kvikksølvet gått nesten heilt i kjellaren. Der kan det vere over 50 grader kaldare enn på bakken, og då er ein avhengig av god polstring for å overleve.

Gjæser i 10 000 meters høgd

Gjæsene er godt utrusta for desse barske forholda. I 10 000 meters høgd flaksar dei over dei høge fjella i Himalaya. Med medfødde dunjakker rundt kroppen held dei varmen i det røffe klimaet. 50 minusgrader er ingenting for desse godt innpakka fjørkrea, og i den tynne, oksygenfattige lufta pustar dei lett som berre det.

Dei store fuglane flyg i flokkar, og observante passasjerar har sett dei frå flyvindauget. Gjæsene har same marsjhøgd som eit vanleg passasjerfly, og med eit vengespenn på nesten to meter er dei lette å få auge på.

Feil stad til feil tid

Men fuglen som har rekorden i høgtflyging, var ein gribb som var på feil stad til feil tid. I 11 300 meters høgd overlevde han både ekstrem kulde og ekstreme vindforhold. Men eit møtande passasjerfly klarte han ikkje å unngå.

Då er nok livet tryggare og meir bedageleg for småfuglane som nyt det rolege livet i Noreg, og ikkje let seg freiste av store høgder og lange reiser.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-11