Dyr som medisin

Dyr får oss til å slappe av, slik at vi ikkje føler oss så sjuke som vi kanskje eigentleg er. Forskarar som veit mykje om dette, held derfor kurs om korleis ein kan bruke dyr for å få menneske til å føle seg betre.

Hest, dyr som medisin (Ingressbilde) Sjuke menneske føler seg betre saman med husdyr. Men ikkje alle husdyr er like enkle å ta med på sjukehuset. Foto: SHUTTERSTOCK

Menneske har alltid hatt eit nært forhold til dyr. I mytologien (sjå boks) blir hundar ofte framstilte som bindeleddet mellom den jordiske og åndelege verda.

I tillegg vart heilage personar forbundne med ulike dyr, og ein trudde at menneske fekk indre styrke av å vere saman med dyr.

Dette fortel forskaren Bente Berget ved Institutt for husdyr- og akvakultur på Universitetet for miljø- og biovitskap.

Kva er mytologi?

Mytologi kjem av det greske ordet mythologia og betyr ei historieforteljing. Det er forteljingar om gudar, eller gudevesen og deira samband med menneska.

Historiene har oppstått over lang tid og har gjerne overnaturlege trekk, noko som betyr at ein ikkje heilt kan forklare dei. Likevel har mange kulturar eit nært forhold til desse historiene og meiner dei er sanne.

Snille kyr og hestar

Men ho har endå meir spennande å fortelje. Bente har nemleg forska på korleis sjuke menneske føler seg saman med husdyr.

Vi har lenge visst at vi slappar av med kjæledyr. At vi rett og slett føler oss litt betre saman med dei. Bente har funne ut at dyr som kyr, sauer og hestar får oss til å føle det same. Men det er ikkje så enkelt å ta med seg ein hest på eit sjukehus for å få pasienten til å føle seg betre.

Derfor er hundar mykje brukte i dyreassistert terapi. Det er ein type behandling som går ut på å bruke dyr for å gjere sjuke menneske friskare.

Vår beste venn

Hund og katt, dyr som medisin (Hovedtekstbilde)Kosekatt eller lesehund? Kva slags dyr ville du hatt besøk av dersom du blei sjuk?
Foto: SHUTTERSTOCK
Bente underviser på universitetet og har kurs for mange menneske som jobbar med helse, og som ønskjer å lære meir om korleis dei kan bruke dyr i jobben sin.

Dette gjer ho saman med AntrozoologiSenteret. Antrozoologi betyr å studere korleis menneske og dyr samarbeider. Saman med universitetet er dette det einaste senteret i landet som lærer folk å bruke dyr i jobben sin.

Christine Olsen leier AntrozoologiSenteret, og ho fortel kvifor dei bruker hundar i dyreassistert terapi.

- Hundar er enkle å trene opp. Dei har gode sansar og er flinke til å lese kroppsspråket til menneske. Samtidig er dei glade i å vere saman med oss, fortel ho.

Sunt selskap

Men held det å vere ein god venn og eit godt selskap for å gjere nokon frisk? Christine fortel at dyr gjer menneske rolegare, og at det i seg sjølv er bra for helsa.

- Når dyr for eksempel blir brukte i behandling, viser det seg at pasientane slappar meir av. Dei tenkjer på andre ting enn sjukdom og gløymer kor vondt dei eigentleg har det, fortel ho.

Trening og snakkehjelp

Christine seier vidare at dyreassistert terapi ikkje berre dreier seg om å vere saman med hunden, men at hunden også kan hjelpe funksjonshemma menneske med å trene seg opp til å bli friskare.

Pasienten kan for eksempel kaste ein ting, og hunden kan hente gjenstanden tilbake. På denne måten hjelper hunden til med treninga.

- Psykologar kan også bruke hundar når dei snakkar med pasientane sine. Ein psykolog er ein slags lege som pratar med menneske som har tunge tankar, for at dei skal føle seg betre.  Mange barn synest det er lettare å prate om vanskelege ting med eit dyr i staden for eit menneske, fortel ho.

Hundelærar

Gutt og hund, dyr som medisin (Hovedtekstbilde)Dyr gjer menneske rolegare. Det er i seg sjølv bra for helsa.
Foto: SHUTTERSTOCK

Ei anna form for terapihund er "lesehund". Lesehundar hjelper barn som synest det er vanskeleg å lese og skrive, berre ved å lytte til dei.

Christine fortel om Julie - ein fem år gammal golden retriever som har jobba som lesehund i ein skuleklasse.

- Julies jobb var å ha lesetime med dei forskjellige barna. Ho hjelpte til i undervisninga ved at ho sat og lytta mens barnet las for henne. Samtidig vart ho kost med. Julie koste seg veldig. Og sidan ho fekk barna til å slappe av, vart dei meir konsentrerte og flinkare til å lese, fortel Christine. 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-11

Lesetrening med Lesekroken

Til denne artikkelen fins det leseoppgaver. Gå til Lesekroken for å laste ned oppgavene.