Avslørt på ganglaget

Ein dansk forskar har utvikla mobiltelefonen sitt svar på Sherlock Holmes: Eit program til mobiltelefonen din som lett avslører om han har hamna i feil bukselomme.

Telefontyv (Ingressbilde) Eit nytt program til mobiltelefonen avslører lett om telefonen har fått framande bein å gå på. Illustrasjon: Melkeveien Designkontor

Inne i dei fleste nye mobiltelefonar er der eit akselerometer. Ein sensor som måler både retning og fart. Når du har mobiltelefonen i lomma, kan akselerometeret lagre informasjon om korleis du går. Kalvbeint eller hjulbeint? Lange steg eller korte? Måten du går på, er som eit fingeravtrykk. Det er ingen som stabbar seg fram akkurat på same måten som du.

Opplæring i lomma

Etter opplæring i lomma di er telefonen klar til innsats. Han veit då korleis nettopp du rører deg, og har lagra ganglaget ditt. Og han avslører kjapt dårlege kopiar. Dersom telefonen plutseleg har fått framande bein å gå på, går han nemleg automatisk i lås. Telefonen er då ubrukeleg for den ringeglade tjuven.

Skal bli betre

Det er framleis litt veg å gå. Mobildetektiven tek førebels feil i rundt 20 prosent av tilfella. Men med endå meir nøyaktige akselerometer og finjustering av programmet håpar forskaren at programmet er på plass i mobiltelefonar allereie om to år.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-11