Lett fordøyeleg matprat

Kvifor får ein luft i magen av kål og erter? Kor raske er raske karbohydrat? Og kva står eigentleg e-en for i e-stoff? Vi har matprata med kjemikaren Martin Lersch.

Muggen sitron Ein del frukt kan vere behandla med stoff som gjer at muggsoppen ikkje gror på dei. Men denne sitronen bør du styre unna! Foto: Shutterstock

E= Godkjend

Nokre stoff gjer at maten held seg fersk lenger, nokre kan gi maten ein spesiell farge. Andre gir maten akkurat rett smak eller konsistens. E-stoff blir dei kalla. Det finst rundt 340 av dei, og alle har sitt eige nummer.

Til dømes har gelatin som blir brukt i gelé, fått  E-441. Bokstaven E betyr at stoffa er godkjende av europeiske myndigheiter. I Noreg er det Mattilsynet som har ansvaret for godkjenninga.­­

Sukker og fukt

Har du sett eple som kan liggje framme i dagevis, og likevel halde seg glinsande vakre? Ein del frukt kan vere behandla med stoff som gjer at muggsoppen ikkje gror på dei.

Men vanleg, ubehandla frukt vil sakte, men sikkert rotne. Muggsopp finst naturleg på skalet til frukta. I starten veks han seint, men når det går hol på skalet, får han god tilgang på sukker og fukt og kan vekse mykje raskare.

Tran matprat (Hovedtekstbilde)Tek du kapslar eller flytande? Uansett, tran motverkar enkelte sjukdommar.
Foto: SHUTTERSTOCK

Sunt feitt

Tek du tranen din? Både tran og feit fisk er gode kjelder til det sunne feittet, omega 3. Tran kan vere litt beiskt og ubehageleg, men ein feit, fin haustlaks er ikkje å forakte. Om hausten inneheld nemleg laksen rundt ein tredel feitt, og det er av den sunne typen.

Omega 3 er ekstra godt for hjarte og blodomløp, og tek du omega 3, er det mindre sannsynleg at du får enkelte sjukdommar. Martin Lersch har ei enkel kjemisk forklaring:

- Vanleg feitt  stivnar raskt i kjøleskapet. Omega 3-feittsyrene held seg derimot flytande når dei blir kjølte ned. Når feittet kjem over i blodet vårt etter at vi har ete, skjer litt av det same. Då er det lett å førestelle seg at vi helst vil at blodet skal halde seg flytande!

Raske karbohydrat?

Mesteparten av karbohydrata får vi frå planter. I kroppen vår er karbohydrat drivstoffet til musklane, og  musklane forbrukar karbohydrat når dei skal jobbe. Karbohydrat kan vere både av den raske og treige sorten.

Saft, honning og loff er typisk mat som "verkar" med ein gong og gir deg hurtig energi. Men dei raske karbohydrata gir kroppen din lite næring, og du blir fort svolten att. Ønskjer du mat som varer lenge, anbefaler Martin at du puttar i deg frukt og grønsaker, minst fem om dagen.

Frukt og grønsaker er ein naturleg og nødvendig del av eit sunt og variert kosthald. Det finst inga enkelt matvare som inneheld absolutt alt kroppen treng. Derfor er det beste rådet å ete variert.

Ku matprat (Hovedtekstbilde)Ei ku kan sleppe ut 500 liter promp i døgnet!
Foto: SHUTTERSTOCK

Kål- og ertepromp

Ulik mat kan blåse deg skikkeleg opp. Kvifor prompar vi eigentleg så mykje når vi et til dømes kål og erter? Syndarane er små bakteriar som har etegilde i tjukktarmen din. På menyen står mellom anna ufordøydd kål og erter. Dette er svært tung mat å fordøye.

Mens kålen og ertene er på veg gjennom kroppen din, prøver både magesekk og tynntarm å løyse det opp, men må gi opp. Siste stopp før fri luft er tjukktarmen. Her jobbar bakteriar med å bryte ned maten. Det blir det gass av! Eit normalt menneske skil ut rundt ein liter gass i døgnet. Men hos ei vanleg ku sig det ut luft nærmast heile tida. 500 liter promp er ikkje uvanleg. Og skulda har det svært tungt nedbrytbare graset.

Medisinplantar

Ein del plantar inneheld stoff som verkar på same måte som medisinar. Faktisk er det slik at mange av dagens medisinar inneheld dei same stoffa som ein kan finne i medisinplantar.

Til dømes i blomsteren revebjølle har forskarar oppdaga at blada inneheld eit stoff som er godt for hjartet. I staden for at ein knaskar i seg heile bladet, har ein laga medisin av akkurat dette stoffet. Planten revebjølle er giftig, men dagens medisinar inneheld berre det aktive stoffet og ikkje alt mogleg anna i tillegg.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11