Kunsten å koke eit egg

Liker du egget ditt blautt, middels kokt eller hardkokt? Kjemikarar har laga ein egg-koketid-kalkulator som kan hjelpe deg med å koke egget akkurat slik du ønskjer det.

06. apr 2012 06:00
Bløtkokt egg (Ingressbilde) Blautkokt eller hardkokt? Med egg-koketid-kalkulatoren kan du få egget akkurat slik du ønskjer! Foto: SHUTTERSTOCK

Mange vil seie at koketida for eit blautkokt egg er mellom tre og seks minutt, og åtte-ti minutt for eit hardkokt. Men det er ikkje alltid dette stemmer. Det er nemleg mange ting å ta omsyn til når ein skal koke det perfekte egget.  

Mål egget

Først litt om korleis egget er bygd opp: Egget inneheld meir eggekvite enn eggeplomme. Kviten inneheld også eit stoff som gjer at han endrar form over tid. Er egget for eksempel litt gammalt, stivnar kviten ved lågare koketemperatur enn hos eit ferskt egg. Eggeplomma utgjer 1/3 av egget og stivnar ved høgare temperatur enn kviten. Derfor er det viktig å måle omkretsen av egget. 

Egg 2 (Hovedtekstbilde)Visste du at eggeplomma utgjer 1/3 av egget?
Foto: SHUTTERSTOCK

Høgt eller lågt

No som du har målt egget, må du finne ut av temperaturen. Har du henta egget frå kjøleskapet, treng det å koke litt lenger enn om det har stått ute på kjøkkenbenken. Så må du finne ut kor høgt over havet du er. Det tek nemleg lengre tid å koke egget på fjellet enn ved sjøen, fordi vatnet kokar ved lågare temperatur i høgda enn ved havoverflata (96,8 grader ved 1000 meters høgde).

Kok i veg

No som du har målt egget, funne ut av temperaturen og veit kor høgt over havet du er, kan du koke egget ditt. Men hugs at kalkulatoren berre verkar om du puttar egget rett i kokande vatn. Og når du har kokt egget, må du avkjøle det i kaldt vatn så det ikkje kokar vidare.

Klikk her eller på biletet for å sjå ein stor versjon av figuren med forklaring på kva som påvirkar eggkokinga.

Dersom du vil teste ut egg-koketid-kalkulatoren, kan du gå inn på heimesidene til Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11