Kriminelt samarbeid

Det er ikkje berre hos oss menneske at nokre lever på kanten av lova. Også i dyreriket finst det kriminelle. Sporvefuglen savannedrongo er ein utspekulert tjuv som utan skruplar stikk av med maten til andre.

Savannedrongo Den slu savannedrongoen er ein utspekulert tjuv som stikk av med maten til andre. Foto: GV-PRESS

Den slu savannedrongoen får god hjelp av det velutvikla snakketøyet sitt. Spesialiteten hans er nemleg å imitere fareropa til andre fuglar. Han ropar gjerne ut ein fire-fem ulike rop, slik at fuglar i nærleiken trur at det er fare på ferde, og flyg i alle retningar. Midt i kaoset rappar han mat frå fuglereir utan vakthald.

Smart lagarbeid 

Når han skal stele mat frå kvitskriketrasten, brukar han derimot ein meir utspekulert metode. Mens kvitskriketrasten stabbar rundt på bakken og samlar insekt til reiret sitt, sit den halvkriminelle savannedrongoen rett i nærleiken og lagar høge pipelydar. Kvart femte sekund. Berre for å irritere? Nei, lydane skremmer nemleg vekk fiendane til kvitskriketrasten, og han kan jobbe i fred og ro med å samle inn mat. Og drongoen sit tolmodig og ventar. Han veit at dess meir mat trasten samlar i reiret sitt, dess meir mat kan han sjølv stele etterpå.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11