Klarsynt pus

Kattar som er fødde døve, utviklar supersyn. Forskarar trur at døvfødde menneske også blir ekstra skarpsynte.

Gule dyreøyne Forskarar har funne ut at kattar som er fødde utan høyrsel utviklar supersyn. Foto: SHUTTERSTOCK

Når ein sans hos katten er øydelagd, ordnar hjernen opp og styrkjer dei andre sansane. Når kattar kjem til verda utan høyrsel, har hjernen derfor sin eigen metode for å ordne opp.

Stort synsfelt

Kanadiske forskarar har funne ut at kattar som er fødde døve, får utvikla langt betre syn enn dei som høyrer. Kattar med normal høyrsel kan stort sett sjå rett fram, mens dei tunghøyrde artsfrendane har eit synsfelt på 180 grader. Dei kan sjå rett ut til begge sider, og er også ekstremt flinke til å fange opp rørsler. Dette kan dei takke hjernen for.

I hjernen har ulike delar sine spesialoppgåver. Eit område tolkar lydar som kjem inn, og eit anna område hjelper oss til å forstå kva vi ser. Hos dei døve kattane merkar hjernen kjapt at høyrselsdelen er arbeidsledig, og gir det ei ny oppgåve: hjelpe til med å sjå! Og spesialiteten er å kunne sjå ting langt ute i synsfeltet.

Synssenter på høggir?

Hos døvfødde menneske kan det vere på same måten. Forskarane har lagt merke til at menneske som manglar høyrsel, også får utvikla eit ekstremt godt syn. Dei er framleis usikre på grunnen. Er det synssenteret i hjernen som jobbar på høggir, eller er det også her høyrselsdelen som hjelper til?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11