Hund etter herren sin

For 15 000 år sidan blei dei første hundane tamde. Sidan den tid har dei litt etter litt tilpassa seg livet blant oss menneske. Dei har gått frå å vere nokre rettelege villbassar til å bli mennesket sin beste venn. Og spesielt er dei vennen til eitt menneske: han eller ho som er herren deira.

Hund etter herren sin (Ingressbilde) Hunden er mennesket sin beste venn. Han kjenner att eigaren sin på fjeset. Foto: SHUTTERSTOCK

Italienske forskarar har lurt på i kva grad hundar klarer å dra kjensel på og føretrekkje ein person framfor ein annan. Eit todelt forsøk gav dei svaret. Ein hund blei plassert i eit tomt rom. Eigaren og ein framand person gjekk på kryss og tvers inne i rommet, og gjekk etter kvart ut kvar si dør. Hundane såg på eigaren sin nesten heile tida, og nesten alle valde å gå og vente utanfor eigaren si dør.

Når personane etterpå gjekk gjennom rommet med ansikta dekte til med ein pose, fekk hundane eit problem. Sjølv om dei gjekk på same måte og hadde same klede på, sleit hundane no med å plukke ut eigaren sin. Forskarane konkluderte med at hundar er avhengige av å sjå eigaren sitt fjes for å kunne kjenne han att.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11