Hjerne for eit langt liv

Med den store hjernen sin er elefanten godt rusta til å finne nye matkjelder og styre unna fiendar. Det lever han lenge på.

Elefant mot hvit bakgrunn Det tek lang tid for elefanten å utvikle hjernen. Til gjengjeld gjer den at han lever lengre. Foto: SHUTTERSTOCK

Rundt 500 dyr i alle storleikar og fasongar har vore under lupa til ei gruppe forskarar. Alt frå flaggermus til kattedyr, klauvdyr og pungdyr blei analyserte nøye. Forskarane fann ut at dyr med store hjernar i forhold til kroppen lever lenger enn andre.

Hjerneføde

Store hjernar krev mykje energi. Rundt 20 prosent av maten som til dømes ein elefant puttar i seg, bruker han til å halde hjernen i gang. Det tek dessutan lang tid å utvikle ein stor, tung hjerne. I meir enn fem år går den vesle elefantungen saman med mor og far før han er moden nok til å spankulere små turar på eiga hand.

Med den store hjernen sin er han godt rusta for å overleve. I naturen kan endringar skje raskt. Matkjelder forsvinn, og nye fiendar dukkar opp. I kampen for å overleve er ofte kløkt vel så viktig som styrke, og med ein stor og velutvikla hjerne tilpassar elefanten seg til nye omgivnader. Elefanten kan ikkje få barn før han er i starten av tjueåra, men held koken til han er nærmare seksti. Han har dermed lang tid og mange sjansar til å formeire seg og dermed føre slekta vidare.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11