Veps som grisekontrollør

Visste du at kjøtt frå hanngriser kan lukte forferdeleg vondt? No har forskarar funne ut at ein liten veps kan løyse det store problemet med å sortere svinekjøttet.

Veps på sukkerbit (Ingressbilde) Veps som lærer seg rånelukt. Foto: KJELL MEROK/ NOFIMA

- Det luktar tiss, bæsj og sveitte, fortel forskar John-Erik Haugen i forskingsinstituttet Nofima når han beskriv rånelukt. Råne er det same som ein hanngris, og den vonde rånelukta oppstår i større eller mindre grad når hannen blir kjønnsmoden.

- Klarer vi ikkje å sortere ut dei verste stinkarane, kan vi oppleve at juleribba smakar det same som ho luktar, seier han.

Sukkervatn

Derfor tok John-Erik kontakt med forskarar i USA som har brukt veps i jakta på både sprengstoff og narkotika. For kanskje vepsen kunne hjelpe han med å lukte seg fram til dårleg grisekjøtt?

Gris (Hovedtekstbilde)Foto: Melkeveien designkontorDet kunne han. John-Erik fortel at vepsane blir lærte opp til å kjenne att rånelukt på denne måten: Dei blir utsette for råneluktestoffa mens dei får kose seg med freistande sukkervatn. Når dei seinare kjenner igjen rånelukta, trur dei at det er tid for mat. Dette viser dei ved å nikke med hovudet. Nikket betyr "nei, dette luktar ikkje bra!".

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-11